onsdag 18. august 2010

Augustsommarvarme

Eg jobbar så svetten silar med dette prosjektet i varmen. Joda, vi har da fått sommarvær vi og omsider. Det hjelper ikkje kor varmt det er, eg må berre prøve å få gjort så mykje som muleg før vinteren. Er ganske lei av at det står i stampe. Som de ser under her, så er det eit skrånande stykke som ligg mellom garasjen og ein mur med eit legjerde på toppen.


Den vesle øya med kirsebærtreet kjem mellom to stiar: ein smal øverst til venstre, og ein breiare som kjem att i høgre bildekant. Eg og mannen blir ikkje heilt enige om kva slags kant eller støttemur vi skal ha opp mot bedet på øversida. Eg hellar til betongelement, han vil snekre med trykkimpregnert tre. Vi får sjå.
I dag grov eg meg på ein koloss av ein stein. Eg greide ikkje å rikke den, så eg trur eg må ha hjelp. Den ser rimeleg firkanta ut, så eg tenker den kan brukast til den trappa av naturstein eg har planlagt i ein skråning der den smale stien tek av, der er det nemleg ei lita bratt kneik. Sikkert ikkje lett å forstå dette, men men...
Midt i all jorda så blomstrar det da ganske fint. Eg likar kjempegodt Lychnis coronaria. Sjå kor fin den er i lag med det blåe prydgraset!

Stokkrosene under veks på andre sida av huset, og blir finare for kvar dag! Er så fornøgd med at eg har sådd dei sjølv:-D!


I går tok eg frø av Aquilegia chrysantha. Eg lurer på om den kan vere frøekte?`Fann ikkje eksakte opplysningar om det når eg søkte, men berre anbefaling om å formere den med frø. Eg har ei slik plante, og den har blomstra kollossalt lenge. Bildet under tok eg i går! Ingen av dei andre akeleiene blomstrar nå, og den står midt i sola, og ganske tørt. Fin plante som eg likar betre og betre.

Ellers er eg sjukmeldt igjen nå, og er ganske så usikker på kva framtida vil bringe når det gjeld jobb. Føler for å skifte beite, meir veit eg ikkje sikkert enda. Er i tenkeboksen. Ha ein fin kveld;-)

onsdag 11. august 2010

Tusen strålende soler -?

Nå blomstrar endeleg dei sjølvsådde stokkrosene frå i fjor. Det er ein rustresistent sort, og så langt ser dei ok ut. Friske og fine, med ganske fine fargar. Enkle, den du ser under er i grunnen den finaste så langt. Nokre er lys lys rosa, og dei er vel godt over to meter høge nå.

Under ser du den lysrosa, med ei humle inni. Den hadde sikkert søkt ly for regnet!
Her er nøkketunga mi: enorm vekst på den i år. Er sikkert også to meter nå, og med enorme knuppar. Fasinerande med sånne kjemper som skyt i været. Denne fekk eg som prikleplante frå nokon i fjor, eller var det året før? Rita kanskje? Den har nok brukt eit par sesongar på å bli såpass diger, trur ikkje den blomstra i fjor.
Som alltid hos meg er fargane ikkje like godt planlagt. Rett ved sida av nøkketunga, som eg går ut frå bli gul, står ein lys rosa kattehale, i lag med ein mørk hyll. Det er sambucus "Black Beauty", som også har blitt diger i år. Desse to kler kvarandre godt synest eg. Kattehalen flytta eg frå ventebed på forsommaren i fjor, akkurat da det var så tørt her. Dermed kom den ikkje i blomst da, men heldigvis er den på plass igjen i år. Denne likar eg! Navn? Hmm. Det er nok Lythrum salicaria "Blush" frå Nautesund tenker eg.

Så til denne gule røvaren, som også er ein diger rugg som tek seg til rette. Den er sådd av frø frå RandiF, og heiter... nei, det kjem eg altså ikkje på i farten. (Telekia speciosa, seier Randi;-)Det var ei av spirene som overlevde da eg sådde, og det er denne. Nå er den enorm, trur veldig mange av plantene mine har likt dette blandingsværet vi har hatt i sommar, med ein miks av regn og sol. Den er da fin? Eg er litt sur for at den legg seg litt utover, men det handlar delvis om at eg er skikkeleg sløv med å støtte opp ting i tide.

Så til ein stolthet: Thalictrum delavay "album". Denne har eg fått med meg frå sjølvaste Peter Korn sin hage, smugla over grensa av ei nervøs Cherie.... Ikkje fint gjort, men freistinga var ikkje til å motstå, og eg tok berre sjansen på ei einaste plante altså, sjølv om han hadde andre godbitar til salgs også...
Knuppane er aldeles nydelege, som små kvite perler.
Sjølvsådde saker, altså sånne som sår seg sjølv, har det veldig godt i hagen min. Det er fordi eg skjelden blandar meg inn i om dei skal få frø seg eller ikkje, og kvar dei skal få vekse.... Dermed skjer det sånne ting som at eg plutseleg har kvite kongslys nesten over alt. Men fine, det er dei! I dag las eg at nokon hadde teke frø av desse, og det burde jo eg ha greid å kome på og...... Skal jammen gjere det i haust. Får håpe det blir mest kvitt avkom, for eg ser at det etter kvart har dukka opp nokre lysegule innimellom dei kvite. Fine dei og, synest eg - og eg blandar meg ikkje så mykje inn i kva dei styrer med som sagt;-) Du ser to gule i bakgrunnen her:
Ei av dei høge plantane som har likt seg i år er mjødurten. Dette er filipendula rubra, muligens "Venusta". Den har brukt å legge seg ned, og i ein varm sommar blomstrar den fort av. Men i år er den flott, og oppreist! Har dessverre spredd seg litt for mykje, så eg trur den må flyttast. Har tenkt ut ny plass og alt, berre å få gjort det.
Klematis-år er det visst og her i hagen. Eg har fortalt om min kjære Hagley Hybrid før, men sjå her kva som blomstrar for første gong: det er "Piilu" frå Kivistik-importen for nokre år sidan. Eg ser at det er to til på gang av dei eg kjøpte da, så dette blir spennande.
Her er det ein ukjent kar som blomstrar fint mørklilla. Det er ikkje "Etoile violet" trur eg? Den er i alle fall ikkje kjøpt som det, for den har eg frå før, og den planta har ikkje tenkt å starte å blomstre enda. Får sjekke listene frå Kivistik-importen og prøve å finne det ut. Fin er den i alle fall.
Ja, den ukjente digre gule (som altså heiter Telekia) sneik seg med til slutt. Den er faktisk ganske fin med den mørke lønnen i bakgrunnen. Berre eg kunne klare å hugse å støtte den opp neste år!
Eg er heime frå jobb i dag, og kosar meg med at tida kan få gå som den vil utan avbrudd. Det er godt for kropp og sjel:-)

fredag 6. august 2010

Har nødprikla litt

Har prikla frøplantar av lilium pyrenaicum, thalictrum aquilegifolium, thalictrum rochebrunianum,
delphinium av sjølvhausta frø og meconopsis ? "Burgundy", kva nå det kan vere? Har fått frø av Magnar, men finn den ikkje på lista hans. Har misforstått navnet muligens.

Uansett: alle desse frøa vart sådd vinteren 08 eller tidleg vår 09, og har unngått å bli kasta fordi eg tadig har utsett den kjedelege jobben.... - og så spirer det jammen meg! Held nesten pusten nå, håper det går bra med dei i vinter. Veksten har stagnert, sikkert på grunn av næringsmangel. Nå skal eg prøve å stelle fint med dei så dei blir store og fine til vinteren.

Yndlingsklematisen er Hagley Hybrid




Praktblomstring på denne i år. Rett ved utesitteplassen, så eg får beundra den stadig vekk. Den kjem tidlegare enn dei andre, og er frodig og fin i veksten. Blomstene er så nydelege rosalilla....