Søndag sat eg ute litt om kvelden før eg skulle legge meg, og så dukka plutseleg denne karen opp! Prøver nok å gjømme seg, og håper det beste med nesa inni eføyen.....😬🤔
Herdis si hagedagbok
tirsdag 7. juni 2016
søndag 5. juni 2016
Travle tider i hagen
Mykje som skjer i hagen for tida. 5. juni i dag, og vi har eit vær som gjerne kunne gitt seg ut for å vere juli. Eg har flytta kjøkkenhagen min i år, og som vanleg ligg eg litt etter med det meste, så fekk ikkje tak i settepoteter... Har laga til fire pallekarmar på eit ubrukt område, men som trengte litt rydding først. Fekk også planta rotskudd av den gamle Besta-syrinen. Den opprinnelege buska måtte fjernast da vi planta hekk i april. (Hemlokk). Rotskuddet står nå ved den nye kjøkkenhagen, og kan kanskje glede den som jobbar der (meg!😂) på rette tida, med nydeleg blomsterlukt.
Så legg eg ut eit bilde av noko eg ønskar meg, nemleg utepeis! Kanskje ein gong🤗

Under: superpetunia raspberry blast.

Etiketter:
kjøkkenhage,
sommerblomster,
stauder,
Utepeis
tirsdag 28. juli 2015
Meir blomster - fortsatt juli!

fredag 24. juli 2015
Kald juli, men det blomstrar likevel

Linaria purpurea. Flotte, og flinke til å så seg sjølv.
Etiketter:
busknellik,
cottage garden,
juli,
toårige
søndag 7. juni 2015
Har sådd sommerblomster 7. Juni🌼
Litt seint, men prøver nå lell og håper det går bra. Har sådd blomstererter, ringblomster (må ha), og lysegule blomkarse.
lørdag 1. september 2012
Digging in the wind....
I dag vart det graving på meg. Det er laurdag, og det bles kraftig, og huset ser ikkje ut etter ein hektisk vår/sommar/seinsommarsesong, og eg BURDE vel strengt tatt vore inne og "greve" ut noko møkk. Men det vart utegraving i staden, og eg har kost meg med spaden i vindkasta! Her ser de det ikkje så veldig imponerande resultaten av innsatsen. Bedet er større enn det ser ut til, og det ligg under ein stor japansk lønn av det vanlege mørkblada slaget. Den er stor og gamal, og endeleg er det muleg å få plass til eit bed under.
Det store prosjektet dette er ein del av, er å fjerne alle busker og stauder, (ikkje få), langs eit råttent, opprinneleg kvitmalt stakittgjerde oppe på ein murkant. På den andre sida av gjerdet er det ein kommunal bilveg med lite biltrafikk, men desto meir gangtrafikk. Her har eg ergra meg over innsyn store delar av året, og skvallerkål og anna ugras som det er umuleg å få kontroll på på murkanten, bak stakittet!
Til saken: dette er nemleg eit forsøk på å dokumentere kva eg har planta i bedet. Innerst ved stammen er det raud bispelue (Epimedium rubrum). Nå har eg endeleg fått slutta ringen, altså at epimediumen går heilt rundt stammen.Eh, jo da. Eg og ser det nå som eg burde ha gjort for mange år sidan...
Eg har ellers planta ein veldig fin men dessverre navnlaus hosta mot vest, Framfor den har eg sett nokre låge primula, raudlillablomstrande, (navn?). Så kjem nokre ukjende primula (muligens kvit kuleprimula, Primula denticulata). Mot sør er det eit opprom (enn så lenge), så kjem tolv hostababyar som vart sådd i mars 11, og som på mirakuløst vis har overlevd til nå. Etter der sette eg ned ein hosta som er blåaktig i bladverket, og som eg trur stammar frå ein navnlaus som eg fekk tak i på Plantasjen seint ein haust etter at blada hadde kollapsa av frost. Uansett var det eit kupp, for eg er så glad i den. Den liknar veldig på "Halycon". Har den mange plassar i hagen. Så kjem ein kvitbrokete polemonium (polemonium cauruleum "Brise D`anjou"). Så kjem ein kvitflekkete lungeurt med kvite blomster (pulmonaria "Sissinghurst White"). Nå har eg visst glømt ei lita frøplante av ein mørk raud Helleborus (Helleborus orientalis) som står ved den første, og dessverre navnlause, vestvendte hostaen.
Eg må sikkert ommøblere i bedet etter kvart, men nå står dei nå i jorda og kan gjere seg klar for vinteren.
Over ser de nabobedet, og der har eg sett enda ein navnlaus hosta, maken til den første. Den var nemleg delbar. Dette er forresten også eit nytt bed av året, og her har min store stolthet, ein sjølvsådd blomsterkornell, (cornus kousa) fått plassen sin.
Vil du vite kva eg har tenkt å gjere på murkanten? Jo, når våren kjem skal eg brutalt sage ned ein gamaldags syrin, med ditto rotskudd, ein diiiger kornell (Cornus alba "Elegantissima"), og ein diger stillehavspil ( Salix lasiandra), og så skal eg flytte ein sølvpil (salix alba), ein kvitrogn (Sorbus koehneana) og ein hyll med svarte blad (sambucus nigra "Black Beauty"). Så skal vi sette opp eit solid nettinggjerde ute på murkanten før vi legg på solid duk og plantar hekk. Nå vil eg ha ein tett-året-rundt, klippbar og vintergrønn hekk av Taxus, barlind, og eg vil ha kontroll på den hersens skvallerkålen på murkanten! Hah!

tirsdag 10. juli 2012
Chiastophyllum oppositifolium, smørblad
Har nyleg kjøpt frø av chiastophyllum oppositifolium, smørblad eller gullbue på norsk. Frøa hadde sortsnavnet "Solar Yellow". Ikkje før frøa dumpa ned i postkassa, så snubla eg over same planta på eit lokalt gatneri (Nyttingnes). Den var fin! Er glad eg fekk tak i den, og gleder meg til å sjå korleis den likar seg i det bedet eg har planta den. Skal også så frøa til våren, og håper sorten med det flotte navnet "Solar Yellow er enda finare enn den eg har kjøpt:-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- acer (1)
- akeleier (1)
- allium (3)
- asparges (1)
- august (1)
- aviser (2)
- basilicum (1)
- bilder (2)
- bloggteknisk (2)
- blomstring (10)
- Busker (1)
- busknellik (1)
- clivia (2)
- cottage garden (1)
- dokumentasjon (1)
- drivhus (1)
- duftplantar (1)
- englandstur12 (2)
- ferie (5)
- forumtreff (1)
- frø (1)
- frøbestilling (1)
- frøliste (5)
- fuchsia (1)
- hage (14)
- hagearrangement (2)
- hagelagsarrangement (4)
- hagelagsmøte (1)
- hagepause (1)
- haust (6)
- Herdishagen (1)
- hippeastrum (14)
- iris (3)
- jul (2)
- juli (3)
- kjøkkenhage (10)
- klematis (2)
- kvardagshendingar (5)
- liljer (1)
- lopud (3)
- mat (1)
- merkedag (1)
- muring (1)
- nyttår (1)
- pelargonium (1)
- peonar (2)
- plantebestilling (1)
- planteliste (10)
- pris (2)
- prosjekt (6)
- rekordar (1)
- sol (2)
- somling (1)
- sommarblomster (13)
- sommerblomster (1)
- spiring (9)
- stauder (14)
- stiklingar (1)
- surjordsplante (1)
- såing (11)
- såliste (16)
- tenerife (1)
- tomatar (1)
- toårige (1)
- trepeon (3)
- urtesalt (2)
- Utepeis (1)
- utfordring (1)
- utøy (2)
- vår (2)
- vårlauk (1)