Viser innlegg med etiketten planteliste. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten planteliste. Vis alle innlegg

mandag 22. juni 2009

Mystisk Allium....

Alliumen i forrige innlegg har eg nå funne navnet på. På Langangen sine sider blir den beskreve slik:
"Allium cyanthophorum v. farreri
prydløk, 10cm, mørk lilla blomster, små hengende klokker"


Det var herifrå frøa kom i 06, og eg sådde mange slags Allium, men berre denne vart det noko av. Det rare er at eg ikkje finn særleg med info når eg Googlar på dette navnet?

fredag 12. juni 2009

Prydgras og helichrysum

Har fått pakke frå Håkon Vangsnes, og der fekk eg eit vanvittig flott prydgras: Elymus magellanicus. Er det ikkje fint? Er visst det blåaste av absolutt alle prydgras, tåler tørke, vinterfukt og kan stå urørt på plassen sin i mange år.

Ellers har eg bestilt både grå og limefarga Helichrysum, så nå skal det endeleg plantast sommarblomster i potter. Er verkeleg på tide. I tillegg fekk eg ein nydeleg lyseblå aurikkel, Kirengeshoma palmata og Bergenia "Bressingham white". Det vart ein dyr fornøyelse trass i rimelege planteprisar, for portoen utgjer ein del. Uansett er det verd det. Gleder som varer i mange år dette her!

Eg har også fått meg ein overraskelse inne: Hippen Lime Green har nå fått fire fine klokker, og pryder stuebordet.

onsdag 3. juni 2009

Eg vil ha meir TID!







Øverst til venstre ser de det japanske kirsebærtreet mitt i full blomst. Bildet er teke rett opp - altså eit "tak" fullt av fylte, rosa kirsebærblomster... Litt rart at det blomstrar så seint. Nå er jo alle andre kirsebærtre ferdige. Litt fint og da, så kan eg berre gå og glede meg til mitt kjem i blomst, medan eg ser på alle dei fine trea i andre sine hagar. Lurer på kva det heitte igjen, hadde eit japanskklingande navn. Etter litt googling kjem eg opp med "Kanzan", men eg er ikkje sikker.


Eg har også prøvd å forevige ein vellykka samplanting, men bildet vart teke i tungt gråvær og vart ikkje særleg bra. Den består uansett av ein Physocarpus "Diablo", to små rosespireaer som heiter Spirea bumalda "Goldflame". Dei flytta eg i fjor, og dei klarar seg kjempebra der i skråninga dei står nå, tørt og magert. Den tredje i selskapet er ein euphorbia griffithii "Fireglow". Den er knallfin i lag med det orangegylne spirealauvet, og nyydeleg med den mørke Physocarpusen bak. Hmm - kanskje det er håp for hagen min og... den er ellers mest prega av tilfeldigheter og rot.


Irisen over er enda ein av Nautesund-irisane som ikkje blomstra i fjor. Hugsar ingen av desse navna, men denne skal og må flyttast ut av eit katastrofeområde av eit bed der ugraset har teke overhand.


Denne sommaren skal viast OMPLANTING, og stiar i hagen. Skal ikkje kjøpe noko som helst nytt før eg har fått orden på det kaoset som rår i dag. Har plassproblem uansett kva eg gjer og kor mykje eg spar opp av bed. Det er planter på vent absolutt over alt det går an å sette ned noko. Det einaste eg skal unne meg (trur eg) er ein trepeon. Det VIL eg ha, og SKAL eg ha denne sesongen. Trur trepeonar er det penaste eg veit.


Til slutt kjem eit bilde av den komplette galskap. Det er (ein del av) plantesamlinga mi. Har sikkert dobbelt så mange potter som ikkje kom med på bildet! (Kvifor bildet absolutt ville ligge forstår eg ikkje, var akkurat inne for å rette det opp, men i mappa var det beint. Muleg det ser ørlitt ryddigare ut på denne måten?!) Uansett, noko av dette skal vekk snart, for Hagelaget har planteloppemarked på laurdag som kjem. Eg har skreve merkelappar og googla navn på harde livet i kveld. Syns leiaren i hagelaget får gå føre med eit godt eksempel og merke plantene sine skikkeleg, helst med BÅDE latinsk og norsk navn.
Nå skal eg pakke for to dagar på Sunnfjord hotell i Førde. Ha ein fin kveld alle andre hagegale der ute.
PS. Liten tilføyelse: clematis Hagley Hybrid spratt ut i dag 3. juni. Kva er det som foregår...?

tirsdag 14. oktober 2008

Tulipaner

Førdetur i dag, og lynrask tur innom Plantasjen for å sjå om dei hadde noko eg kan bruke til arbeids/plantebrett på planterommet. Det hadde dei ikkje. Eg kom utatt med eit par skinn hagehanskar, ei (reserve) Fiskars planteskei av raudlakkert metall og treskaft. Det er den beste eg har hatt nokon gong. Nå har eg to, så panikken kan avvergast om den andre skulle bli borte - noko som skjer av og til. Eg fekk også med meg to poser med tulipanlaukar: "Orange Breeze" (orange)og "Jan Reus" (mørk raud). Den første er fosteriana, den andre triumph, utan at eg veit kva som er skilnaden. Tenker eg plantar dei i lag, dei har same blomstringstid.

Eg er trøtt i kveld, så den planlagte filmsjåinga mi trur eg at eg droppar. Kjenner at senga skal bli god snart nå!

fredag 26. september 2008

Leptinella squalida - tråkkbregne


På hagegal fekk eg svar på kva den vesle bregna var for noko. Her kan du lese svara eg fekk.

tirsdag 23. september 2008

Bestilling hos Jensen

Hosta 'Remember Me' 45,-
Sanguinaria canadensis 30,-
Thalictrum rochebrunianum 25,-
Phlox divaricata 'Clouds of Perfume' 20,-
Polemonium caeruleum 'Brise d'Anjou' 25,-
Hosta 'Blue Mouse Ears' 60,-
Polemonium 'Apricot Delight' 25,-
Sanguinaria canadensis 30,-
Mertensia virginica 30,-
Athyrium nipponicum 'Pictum' 35,-

Hå hå!! Fornøgd nå, ja. Har jo ikkje plass, men akkurat nå bryr eg meg ikkje om akkurat det. Er spent på om det er mange han er utsolgt for.

(Hajal, var det ikkje hosta "Remember me" du skrytte så fælt av? Flott er den, håper den siste han har blir Eidar!)

mandag 22. september 2008

Amorpha fruticosa

Har nokre sånne ståande i eit ventebed. Har sådd dei sjølv. Har lese at dei tåler både tørke og væte, så ikkje veit eg. Fint bladverk med nydeleg, frisk lysegrønn farge. Likar denne buska, blir spennande når dei blir litt høgare enn 30 cm. Har nå planta ut to i bed, ei i eit tørt og solrikt, og ei der det er fuktig og solrikt. Så får vi sjå.

fredag 19. september 2008

Treplantedagen





Har fått gjort ein del i hagen i dag, mellom anna planta fire tre. Får vel lage ei liste:
Paulownia tomentosa havna bak garasjen, etter mykje grubling og sikting. Blir kanskje stort, har eg hørt!
Acer palmatum shirasawanum "Aureum" planta eg ved surjordsbedet, opp mot lundhagen. Der ser eg det frå kjøkkenvinduet, og det er faktisk fint nå, med den raude haustfargen sin.
Salix alba "Sericea" (sølvpil) flytta eg til midt på stakittet på nedsida av huset.
Tilia cordata (småbladlind) sette eg ved inngangen til hagen på sørsida. Det er ikkje mange metrane frå husveggen, og eg var litt i tvil, men ser for meg at det kan gje fin skugge på ein planlagt uteplass i sørveggen. Det kan jo lett beskjærast, så eg tek sjansen. Det kjem til å lage ein fin inngangsportal til nedste hagen.

Ellers lurer eg på kvifor tre som lind og sølvpil blir levert med buskform? Eg vil da ha dei som skikkelege tre, med stamme! Hadde valgt ut den linden med mest muleg gjennomgåande stamme, og beskar den litt for å få fasong. Skal ta meir seinare. Salixen var litt meir "ugrei", men planta den litt skrått, slik at det lengste skuddet vart loddrett, og beskar den litt og. Håper det blir bra.

Har ellers fått renska opp meir i skvallerkål-land, som kanskje ikkje er det lenger! Stakk kantar godt inn på plenen (he he), og fjerna litt ugras, men det var ikkje mykje. Fekk planta ut følgande:

Eupatorium rugosum (kvit hjortetrøst), ved storhjortetrøsten. Cimicifuga ramosa (?) "Brunette", ein rosalilla asters, ei frøplante av ein slags sjølvsådd busk som eg ikkje hugsar kva heiter, og ein del til som eg ikkje hugsar i farten. Desse vart flytta frå eit overfylt ventebed, og dermed fekk eg nokre åpningar til nye småtassar som treng overvintringsplass. Ikkje så mange da, lurer på å ta i bruk grønnsakspallekarmane. Sjølv om det er litt teit, veit jo åssen det blir til våren... Det er nedslåande kor fort ny bedplass blir fylt opp, plantar eg for glissent tru? Skal også flytte ein del kuleprimula frå solbedet ved muren, er skrekkeleg lei dei store rosettane som blir slappe av tørken der oppe, sjølv om det er spektakulært om våren. Skal også flytte all haustfloksen ned til den fuktige nedsida, samt hestemyntene. Er drittlei mjøldogg. Det gjer eg muligens i haust, eller til våren.

Nå er eg fornøgd med innsatsen, og håper på litt meir regn.... Det kom nokre dråpar nå i ettermiddag, det høyrer jo til på Eidamessa som er nå i helga. Været styrer ingen, så eg kan da vel i all stillhet kose meg ørlitt over at det regner?

Ha ein fin fredagskveld!

søndag 14. september 2008

Hostaliste

Her ser du Gold Standard til venstre for sambucusen


Oversikt over dei eg har:
Color Glory, lime/grønn/blågrønn variegert (Zimtrade 08)
Love Pat, intenst blågrønn (Eide hausten 07)
Gold Standard gyllen/lime/grønn (Nautesund 07)
Navnlause:
Grønn med kvite kantar, halvhøg
Grågrønn einsfarga, halvhøg
Lime/grønn variegert, halvhøg
Blågrønn einsfarga, låg med små, litt spisse blad

torsdag 11. september 2008

Raid på Plantasjen

Førdetur i dag som sagt, og eg hadde nøyaktig 45 minutt til overs før møtet eg skulle på. Ruta gjekk jo rett forbi Plantasjen, og gjett om eg var full av kjøpelyst etter ein lang sommar utan å handle så mykje som ein grastust... (kva eg nå skulle brukt den til, har i grunnen nok frå før). Dette vart resultatet:

Asarum europaeum X 2
Deutzia hybr. Rosa Lind
Clematis "Multiblue"
Clematis "Mrs. Cholmondeley"

Buddleia davidii "Royal Red"
Tilia cordata (lind), småblada
Ligularia hessei
Primula japonica "Alba" X 2
Paeonia suffruticosa (trepeon)
Acer shirasawanum "Aureum"


Aceren hadde kosta over 700 kroner, og eg fekk den for 240! Trepeonen fekk eg for 60,.... 70% på alt med andre ord. Peonen og aceren var dei to siste, om nokon skulle få lyst på eit tilsvarande kupp. Eg er fornøgd!!!

Neste skritt blir å kome seg ut av hagedvalen og få planta det. Skal, skal, skal, skal ut av den nå!

Ellers er det snart helg her hos meg, må sjølvsagt ein liiiten tur på jobb i morra også, men .
Haustanemonene mine blomstrar så fint i Lundhagen, og eg har dessutan kjøpt meg to pakker med Thalia-narcissar i dag, dei skal også i Lundhagen - og er dei aller finaste påskeliljene!