Viser innlegg med etiketten iris. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten iris. Vis alle innlegg

søndag 5. juli 2009

Iris ensata - endeleg

Iris ensata "Gracieuse" i knupp over. Veldig flott med det spiralmønsteret!Her er den fullt utsprungne blomsten. Vakker! Det er Gracieuse, ingen tvil nå. To knuppar har åpna seg og tre til er på gang. Eg skal ha meg fleire japanske iris!
Ellers må eg berre ta med bilde av eucalyptusen min. Såg nemleg eit program med Monty Don på NRK i dag, og han var i Australia og New Zealand. Han beundra nokre flotte, kvitstamma eucalyptustre, og eg kom på at eg falt fullstendig for eucalyptustrea i Kew Gardens. Men eg har eit par sjølv, dei har faktisk overlevd ute i vinter. Nå har eg planta det eine i potte, for eg såg kor stort treet til hagevennina mi hadde blitt. Ho overvintra nemleg sitt i potte inne i vinter, og vi fekk dei samtidig. Prøver garasjen tenker eg. Blir uansett litt lunare enn ute, og dei overlever jo der...
Ein veldig fin og spesiell Delphinium med nesten svarte knuppar (navn...?), fått av Marosa for to år sidan. Den har eg bestemt at skal bytte plass med den kjempestore kvite ved plattingen, høver betre med denne halvhøge ved sitteplassen, og så får vi beundre den oftare. Sjå, den er kvit inni.... !


NÅ blomstrar denne giganten for første gong! Sådd sjølv, av frø frå RandiF, ei spire - nå ein gigant. Nesten like høg som meg i år, noko mindre i fjor men med tydeleg potensiale alt da.... Eg likar sånne gigantar. Imponerande vekstkraft, og gir ein frodig, jungelaktig effekt.
Ellers har eg plukka hylleblomster og sett saft. Står i kjelleren i 10-litersgryta mi. Nå må eg for all del ikkje gløyme den....

torsdag 2. juli 2009

Iris ensata - spenninga stig......!!!

I dag tidleg såg eg såvidt i noko blått og kvitt ytterst på den eine knuppen av Iris ensata, ser faktisk ut som om det ER "Gracieuse" eg har fått. Den blir også kalt japansk iris. Den likar sur, fuktig jord, og står midt i surjordsbedet mitt. Eg fekk den gjennom Eurobulb-importen i 07, og den skal nå blomstre for første gong. Bilde og rapport følger!

mandag 22. juni 2009

Alliumbilde og iris med pene striper

Den mystiske Alliumen i heilfigur. Ikkje noko fint bilde, vart teke i full fart. Den er atskilleg høgare enn 10 cm., kanskje 20-25?
Navnet mitt er Allium cyathophorum var. farreri

Her er bilde av den variegerte irisen Iris pseudacorus "Variegata", med blomst. Den er da fin? Eg synest den er enda meir variegert i år enn i fjor?, og har auka bra i omfang der den står i ventebedet.... Eg må ta meg saman og prøve å få planta ut litt meir. Såg at RandiF hadde sin ved ein mørkblada sak, det var veldig pent. Muleg den skal få vekse ved Sambucus nigra "Black Beauty". Der hadde den verkeleg lyst opp. Nå har eg kutta ned naboen (Kerria japonica) som var så stygg, rota skal eg spa opp ein dag eg er i humør til litt fysisk slit.... Da blir det fint plass til ein variegert Iris på utkikk etter ein permanent heim!
PS: Snuffeldyret fann meir info: HER.
Ser ut til at det har sneke seg inn ein n for mykje. Magnar Aspaker skriv f.eks. cyathophorum ser eg. Rettskriving er faktisk viktig, det....