søndag 22. november 2009

Hippeforedrag i boks!

Bilder av nyinnkjøpte hipper: Razzle Dazzle, Intokazi og Blushing Bride.



Det tidlegare omtalte hippeforedraget på Power Point er nå ferdig. Jo da, har jobba med det i heile dag. Er trøtt og sliten, men ganske fornøgd. Tida går fort når ein er oppslukt av noko som er moro! Hentelapp for nyleg bestilte laukar hos Zimtrade ligg og ventar, og to skjønnheter står på kjøkkenbordet og gjer alt dei kan for å muntre meg opp. Skal slett ikkje klage...

Tusen takk for både støtte, trøst, oppmuntringslinkar samt tilbud om å låne bilder i kommentarane på forrige innlegg. De er så snille alle saman! Helsa er i orden igjen, skal ikkje klage når det er forbigåande helseplager ein har.
Nå blir det spennande om det kjem folk på julemøtet til Eid Hagelag på tirsdag. Håper da det, har vore litt labert i det siste. Eg velger å tolke det som at vi har eit generasjonsskifte på gang her. Tenker at det vil gjere oss godt på litt lengre sikt....;-)

tirsdag 17. november 2009

Sjuk Cherie treng trøst....

Er sjuk i dag, og sit heime og glor. Da er ikkje vegen lang til hippene hos Zimtrade.....

har bestilt:


Ellers har eg fått ein ubehageleg følelse av at Eid Hagelag sitt julemøte om ei veke kanskje har litt lite program. I år fekk vi ikkje tak i nokon til å lage/demonstrere juledekorasjonar. Det har brukt å vere populært, og mange vil nok sakne det. Vi skal ha bildekavalkade frå alle hagevandringane siste året, og det trur eg blir bra, men skulle vi hatt litt meir?

Ideen som kom til meg i grålysinga i dag var å lage power-point-foredrag om - ja du kan vel gjette det?

HIPPEASTRUM!

At det ikkje "berre er ein juleblomst, raud eller kvit", korleis stelle den for å få blomst på nytt og ikkje minst: mange fiiiine bilder! Akkurat det har eg litt av liggande, så nå er det berre om å gjere å få det til.

Ellers har eg det stort sett berre bra;-)



søndag 15. november 2009

Rødbetesuppe (borsjtsj) med produkt frå hagen

I går laga eg ei vanvittig god rødbetesuppe. At eg kunne putte oppi diverse saker frå eigen hage, gjorde at den kvalifiserer til publisering på hagebloggen. Russisk rødbetesuppe heiter "borsjtsj", men uttalen er eg noko usikker på. "Bortsj" eller noko slikt? Eg brukar altså den rutete kokeboka til Ingrid Espelid som inspirasjonskjelde. Den er best, i dei fleste samanhengar. Beste kokeboka eg har i huset i alle fall.

Det står om suppa at "Dette er en russisk suppe som også blir brukt mye i Polen". At eg hadde ståande eit glas med noko flytande, raudt oppi som truleg var (berre polsk tekst) konsentrert rødbetesuppebasis, kjøpt i Polen tidlegare i haust, gjorde nok til at suppa fekk ein ekstra schwung.

BORSJTSJ
Basisen er kjøttkraft kokt på storfe. 2 liter?

Du kuttar opp litt kvitkål, sellerirot og purre og freser det i smør i ei gryte. Rødbetene skal skrellast og skjærast i små terningar. Eg måtte kjøpe, da dei eg sådde ikkje vart noko av, men kanskje det går betre neste år? Eg hadde ikkje i poteter, lauk og knuste hermetiske tomatar, men det står det at ein skal i Espelid-boka. Hadde rikeleg med (eigenprodusert) purre i staden.

Kok opp krafta med dei freste, mjuke grønnsakene og rødbetene. Rødbetene treng litt tid på å bli møre, ca. 20 minutt kanskje? Smak til med ørlitt eddik, timian, heimelaga urtesalt og pepper.

Server med brød, og ha ein klatt creme fraiche i tallerkenen. Eg hadde også oppi kokte kjøttbitar.

fredag 6. november 2009

Hippe-handel i Førde

Har vore ein tur til Førde, og fekk teke ein liten tur innom plantasjen. Ikkje spesielt godt utvalg, men fekk da tak i
-Blushing Bride og
-Razzle Dazzle

Tidlegare i veka kjøpte eg ein Intokazi på Mega her på Eid. Moro å ha nokre blomstergleder å sjå fram til igjen.

Ellers er det travelt på jobb for tida, men eg håper det roar seg ned snart. Må også melde at eg i dag har vaska og rydda i eit kjøkkenskåp. Dette er såpass revolusjonerande at eg veit ikkje enda om det er positivt, eller eit utslag av noko meir alvorleg og underliggande. Eg tullar nå. Sjølvsagt er det positivt, og muligens eit lite signal om at det er håp for denne husmora fortsatt.......

Her er det spådd klarvær og sol, men kaldt, ei veke framover. Da får vi nyte dei siste solstrålane før sola dukkar ned bak fjellet for godt i slutten av månaden.

Eg har planlagt å lage indisk mat i helga, til ære for han far i huset på farsdagen. Skal kose meg med fersk ingefær, chili og haugar av kvitlauk, samt masse krydder!

Ha ei fin helg!

søndag 18. oktober 2009

Litt haging igjen omsider

Endeleg fekk eg rota meg ut i hagen igjen. Ser at det forrige innlegget er frå midten av juli. Nei og nei for ein sløv hage- og bloggeigar. HUFF!!

Rett etter det siste innlegget var skreve reiste vi på ferie. Da hadde det vore tørke ei lang stund, kjempevarmt (slik at underteikna vart sittande dehydrert og slapp i ein krok), samt at eg hadde pådrege meg ALT for mange sommarblomster og andre "ute om sommaren"-planter, og heldt på å jobbe meg i hel med alt som måtte ordnast før vi kunne reise vekk. Neste år skal eg og må eg få til vatning i kjøkkenhagen, og eg skal ikkje ha så mange plantar i potter ute. Er jo muleg å drepe seg på vatning i tørkeperiodar, det er ikkje det mest morosame eg veit i 30 graders varme altså....

I dag har eg pusla litt i kjøkkenhagen, og har teke inn nokre purrar samt alle "gulerøttene" mine. Stor skuffelse at dei ikkje vart noko av, dei fleste var små og kulerunde, såg ut som om dei hadde slutta å vekse nedover ganske tidleg. Kanskje heng det saman med at det var så tørt på våren/forsommaren. Eg vatna ikkje godt nok, det er eg klar over. Rødbetene vart det heller ikkje noko av, men der trur eg ein diger lønn rett ved har skulda. Den skal vekk så fort det blir ei lita skorpe med tele i bakken. Ser for meg at eit av valnøtt-trea kan få stå der i staden.

Den grusomme hausten vi har hatt må også nevnast, for etter at vi kom heim frå sommarferie uti august har det regna i eitt.

I dag har det faktisk vore fint, sol på stueveggen nå. Fårikålgryta står og putrar, og snart får vi middagsbesøk. Håper hagegløden tek seg oppatt, for eit liv utan hagegalskap er knapt noko liv.

Ha ein fin søndag!

søndag 12. juli 2009

Nydeleg, mildt sommarregn - endeleg kom det!

Nå blomstrar liljene. Denne vesle, sjarmerande saken står så feilplassert som det går an, men den er kjempesøt med fregnene sine. I år må det da vel bli ein mulighet til å få flytta den etter blomstringa er over.

Nå blomstrar også dette bedet, sjølv om bildet er frå i fjor. Dei er enda frodigare i år, og i knallfargar så det forslår. Resten av dette digre bedet i full sol består av diverse malurt, gul tagetes (Tenuifolia og "Favourite Red") lysegul Gåseblom, marikåpe, ildraude heuchera-blomster samt cephalaria gigantea, og diverse lilla i form av prydsvinerot, graslauk, salvie og revebjeller (ville). Eg LIKAR desse fargane, og har bestemt meg for at bedet skal få vere slik, med små justeringar.
Her er bedet i år, teke for nokre dagar sidan. (forstår ikkje kvifor dette bildet ikkje er klikkbart slik som dei andre..??)

Ellers har eg hatt eit par maratondagar ute, med planting, bæring, luking, klipping og eg veit ikkje kva. Eg har brukt seks sekkar med jord, men kan nesten ikkje greie å gjenkalle kva dei har blitt brukt til. Jo, sjølvsagt: det går litt jord i to murarbaljer. Eg har endeleg fått bestemt meg for kva eg skulle gjere med tomatplantene mine.... Dei har stått på planterommet til nå, lange og ulenkelege. Eg er dårleg på oppbinding og slikt... I dag fekk dei kome ut, to vart "slakta", dei var så tuslete og med så skjøre greiner at dei knakk for eit godt ord. Dei som overlevde ("Subarctic plenty" for det meste), havna i to murarbaljer, med leca i botnen, og med egenhendig drilla hol litt opp på sidene. Over desse står eit "stativ" av aluminiumsbeina på eit utebord som vinden tok i fjor. Eg har knytt fast to bambuskjeppar der bordplata var, og så har eg festa tomatgreinene på desse. Over heile stasen har eg lagt fiberduk, godt festa.... Går dette bra så er det eit under. Eg er elendig på tomatdyrking!


Etter at eg hadde planta ut dei ller, aller siste småplantene kom faktisk regnet! Det var så herleg med skikkeleg nedbør omsider, det er så tørt her at jorda er som oske.. Da vart eg spart for litt vatning, noko som var kjærkomment til de grader. RESTEN av sommaren skal eg berre kose meg, trur eg.


søndag 5. juli 2009

Iris ensata - endeleg

Iris ensata "Gracieuse" i knupp over. Veldig flott med det spiralmønsteret!Her er den fullt utsprungne blomsten. Vakker! Det er Gracieuse, ingen tvil nå. To knuppar har åpna seg og tre til er på gang. Eg skal ha meg fleire japanske iris!
Ellers må eg berre ta med bilde av eucalyptusen min. Såg nemleg eit program med Monty Don på NRK i dag, og han var i Australia og New Zealand. Han beundra nokre flotte, kvitstamma eucalyptustre, og eg kom på at eg falt fullstendig for eucalyptustrea i Kew Gardens. Men eg har eit par sjølv, dei har faktisk overlevd ute i vinter. Nå har eg planta det eine i potte, for eg såg kor stort treet til hagevennina mi hadde blitt. Ho overvintra nemleg sitt i potte inne i vinter, og vi fekk dei samtidig. Prøver garasjen tenker eg. Blir uansett litt lunare enn ute, og dei overlever jo der...
Ein veldig fin og spesiell Delphinium med nesten svarte knuppar (navn...?), fått av Marosa for to år sidan. Den har eg bestemt at skal bytte plass med den kjempestore kvite ved plattingen, høver betre med denne halvhøge ved sitteplassen, og så får vi beundre den oftare. Sjå, den er kvit inni.... !


NÅ blomstrar denne giganten for første gong! Sådd sjølv, av frø frå RandiF, ei spire - nå ein gigant. Nesten like høg som meg i år, noko mindre i fjor men med tydeleg potensiale alt da.... Eg likar sånne gigantar. Imponerande vekstkraft, og gir ein frodig, jungelaktig effekt.
Ellers har eg plukka hylleblomster og sett saft. Står i kjelleren i 10-litersgryta mi. Nå må eg for all del ikkje gløyme den....

torsdag 2. juli 2009

Iris ensata - spenninga stig......!!!

I dag tidleg såg eg såvidt i noko blått og kvitt ytterst på den eine knuppen av Iris ensata, ser faktisk ut som om det ER "Gracieuse" eg har fått. Den blir også kalt japansk iris. Den likar sur, fuktig jord, og står midt i surjordsbedet mitt. Eg fekk den gjennom Eurobulb-importen i 07, og den skal nå blomstre for første gong. Bilde og rapport følger!

tirsdag 30. juni 2009

Bilder frå junihagen

Dette er blomster i hagen akkurat nå. Her er Linaria purpurea, frøplanter fått på ei hagevandring i ein fantastisk flott og kreativ hage i Utvik i fjor sommar. Plantene der kom visst frå frø frå ein hage i England. Den sår seg visst veldig iherdig, og så sløv som eg er til å ta vekk frøstandar har eg den vel snart over alt....
Her er første blomsten på Lychnis chalcedonica, kvit, fått som bytte-prikleplanter av Berit i fjor. Nå er det ein flott skog av dei, enda eg har gitt vekk maaange! Herlege planter, veks ute på kanten av eit bed som snur ut mot ein skrent, magert og solsteikt. Det likar dei, og det synest eg eg bra! I same bedet har eg også Lychnis coronaria, kvit den også, men den stod så langt inn i bedet at eg ikkje fekk til å ta bilde. Den har også akkurat starta blomstringa.

I same bedet veks Geranium himalayense. Dei sådde eg i fjor, men stussar over at mine ser mykje bleikare ut i fargen enn dei på bildet. Eg klagar ikkje, for den er litt anleis enn andre Geranium, som har ein tendens til å vere litt like. Dessutan høver den godt i akkurat dette bedet. Geranium "Magnar" veks også i dette bedet, noko mørkare i fargen, men den har blomstra av nå. Det kom opp ei einaste frøplante frå frøa frå akoen i fjor, men det var nok for meg;-) (eg er absolutt ingen mestersåar). Tilfeldigvis har dette bedet fått aldeles nydelege fargar: i framkant store, robuste Plantago major "Rubra", som jo er ganske mørk raude. Så kjem det grå i form av malurt og lammeøre. Blomsterfargane går (for det meste) i lys lys pastell: Linariaen i lys rosa, ei lysegul akeleie som fortsatt blomstrar, lys bleiklilla Timian og lys bleiklilla Geranium, kvit/sølvfarga Lychnis chalcedonica og kvit Lychnis coronaria. Det er rett og slett pent, og for ein gongs skuld nokolunde harmonisk i fargane. Var stort sett flaks, men likevel da.... Eg er fornøgd:-D

Her er eit utsnitt av dette tørre solbedet, med "Bestarosa" i bakgrunnen. Den er eit rotskudd av buskrose frå hagen til farmora mi i Stryn, og er veldig vanleg i gamle hagar her. Den likar seg også godt i denne solfylte sørveggen, rett ved ein mur. Ellers ser de lammeøre Stachys byzantina og Linaria, Hosta og kvit haustfloks som ikkje blomstrar enda.

På den aller tørraste og magraste plassen på tomta veks desse nellikane (Dianthus deltoides) frå Hajal. Har to slag til, men hugsar ikkje navna i farten. Dette er den finaste synest eg, den har litt mørke stilkar og blad, og ein herleg, intens rosafarge.

Dette er min sjølvsådde timian frå i fjor. Den er fantastisk blomsterrik, og så fin! Bier og humler surrar rundt den heile tida, og sjå kor fin den er ved sida av Artemisia stelleriana (Sandmalurt). Det er forresten ein malurt etter min smak, rimeleg kompakt vekst, og stive stilkar, samt ein vanvittig fin sølvfage på blada!

Stachys grandiflora, prydsvinerot, er fin akkurat nå. Egentleg ei plante eg vil ha meir av rundt omkring, den er villig, blomsterrik, og den blomstrar på ei tid litt etter enkelte ting, og før andre ting, om de forstår....

Nattlys (Oenothera) er fint! Veit ikkje meir om navnet, har fått den av nokon. Den likar også sol og tørr jord, det er fint. Sjå på dei raude, spisse knuppane! Skal dele og formeire opp denne når eg får den hersens stien i boks.

Lenger bort i bedet, ved sitteplassen, blomstrar nå den kvite, høge Ridderspora.

Enda lenger bort kom desse nydelege nellikane igjen i år, dei var kjøpt i fjor. Eg synest dei er fine!

søndag 28. juni 2009

Heroisk innsats i 28 varmegrader

OK. Da startar vi med Cephalariaen. I år er dei enorme, vil tru ein middels basketballspelar ville kjent seg litt liten ved sida av.... Dei er så fantastisk flotte! Høgt over alle dei andre blomstene svever desse små solene.... Åh - yndlingsblomsten min akkurat nå.

Så kjem bøttene med - eh, mandelpoteter?? Nei da. Slett ikkje. Dette er faktisk mine nesten 20 liter med påskeliljelauk, greve opp i går og i dag. Ja, litt snøklokker og nokre få krokus også, men hovudsakleg påskeliljer av alle slag og fargar. (Nokon som vil ha....?) Årsaken til at dei er greve opp, ser du på bilda under.



Dette området vart først laga fordi eg har ein mann som er rå med motorisert hageutstyr. Han slår, kuttar og ryddar som ein tornado berre han får bruke noko som durar. Ergo fekk jo aldri dei stakars påskeliljene mine tid til å samle næring i lauken sin før han var ute med ljåen om våren....
Dermed kom ideen å gjerde dei inne, med eit lite fletta gjerde av hasselgreiner teke i hagen her. Ideen fekk eg vel i eit eller anna hageblad, tenker eg. Dette har fungert fint, men etter blomstringa har det blitt meir og meir syregras og skvallerkål som har boltra seg innanfor "murane". Nå som vi skal til å male huset, har det kome fram eit rimeleg stort behov for meir bedplass, jamfør krisesituasjonen i austveggen omtalt i eit tidlegare blogginlegg. Dermed gauv den hagegale laus. Eg har spadd, rista rottufser reine for jord og plukka blomsterlauk til eg var besvimelsen nær i dei om lag 30 varme gradene vi har hatt. Men SJÅ NÅ!

Eg er veldig fornøgd med meg sjølv, håper følelsen sit i lenge.... Har til og med laga ein liten sti tvers over, med duk under, og flate steinar som "heller". Eg fann til og med ei STOR rund, flat helle medan eg grov, som eg har plassert på midten. Eg har også lagt tjukke lag med våte aviser rundt det vesle plommetreet ("Herman"), og så kompost oppå der igjen, samt ein liten steinkant rundt for å halde ting på plass.
Ellers er det mykje som blomstrar nå, og eg fekk teke ein fotorunde i kveld, men dei bilda legg eg nok ut i morra. Eg ventar stadig på Iris ensata, er så spent! Da blir det garantert bilder, det lovar eg. Ha ei god natt alle saman

fredag 26. juni 2009

"Langt fremskreden latskap"

I dag har det vore varmt her. Nærare 30 grader i skyggen, og det er overveldande for ein hutrande nordmann som har levd med 8-12 grader og regn i lengre tid. Eg blir utslått, kort og godt. Eg er nok ein genetisk sett fullt ut nordisk type, som er skapt for andre slags temperaturar enn dette. Likevel kreka eg meg ut i eit ugrasområde i dag tidleg, utrusta med spade og diverse bøtter. Saken er den at vi maler hus om dagen, og nå kryp malinga seg nærare og nærare austveggen "min" der amatør-gartneriet mitt held hus.... Det handlar om den tidlegare omskrevne "plantetrappa" mi, som er som Sareptas krukke: det minkar ALDRI på plantane same kor mykje eg plantar....

Heile austveggen på huset er katastrofeområde: dette er den mest vekkgøymda delen av tomta heldigvis, og her har eg alt det utstyret som høyrer med til aktiv haging: 10.000 tomme potter i absolutt ALLE storleikar, jordsekkar, spader, greip, kantklippar, potter med planter til herding, tomme potter som ventar på sommarblomster, aluminiumsbrett til å sette småpotter på når dei må vatnast frå botnen, saks, plantestøtter, hyssing, vasskanner, murarbøtter - ja du forstår sikkert teikninga! (manglar uthus!!). Oppi dette kaoset skal malaren (attpå til naboen) finne plassar å sette opp stigen! Dette er som de forstår grunnen til at ein i 30 grader må til å spa opp eit område som kan brukast til utplanting av diverse.

Området det er snakk om er inngjerda av ein bitteliten flettekant av kvistar/hasselgreiner, og oppi der har eg planta masse påskeliljer og snøklokker. Det er eit flott syn så lenge det blomstrar der borte, men når sesongen er over er det skvallerkålen som tek over. Skrekk og gru... Nå fekk eg snøya det rett før frøa var eit faktum, men var berre blomster enda heldigvis. Så måtte eg til å spa, og plukke laukar og legge i bøtte. Laukane skal nedi att til hausten. Eg tenker at dette kan bli eit fint område for venteplantar, sommarblomster til overs og snittblomster som det egentleg ikkje er plass til i kjøkkenhagen lenger. Eg har veldig lyst til å lage ein liten mur i bakkant, og kanskje ein gangsti på midten - har mykje halvstor stein eg kan bruke. Den treng kanskje litt sement innimellom, er ikkje heilt stor nok til tørrmur. Litt lenger opp i bakken har eg lyst til å mure låge murar og fylle med grus/jord, det skal bli krydderurt-bed.

Jo da. Planar har eg nok av. Nå får eg berre glede meg over at eg kom nesten halvvegs i spainga mi, og tanken på at prosjektet i alle fall er påbegynt. Mål nummer ein er uansett å få ein plass å gjere av alt som står i plantetrappa.....

mandag 22. juni 2009

Alliumbilde og iris med pene striper

Den mystiske Alliumen i heilfigur. Ikkje noko fint bilde, vart teke i full fart. Den er atskilleg høgare enn 10 cm., kanskje 20-25?
Navnet mitt er Allium cyathophorum var. farreri

Her er bilde av den variegerte irisen Iris pseudacorus "Variegata", med blomst. Den er da fin? Eg synest den er enda meir variegert i år enn i fjor?, og har auka bra i omfang der den står i ventebedet.... Eg må ta meg saman og prøve å få planta ut litt meir. Såg at RandiF hadde sin ved ein mørkblada sak, det var veldig pent. Muleg den skal få vekse ved Sambucus nigra "Black Beauty". Der hadde den verkeleg lyst opp. Nå har eg kutta ned naboen (Kerria japonica) som var så stygg, rota skal eg spa opp ein dag eg er i humør til litt fysisk slit.... Da blir det fint plass til ein variegert Iris på utkikk etter ein permanent heim!
PS: Snuffeldyret fann meir info: HER.
Ser ut til at det har sneke seg inn ein n for mykje. Magnar Aspaker skriv f.eks. cyathophorum ser eg. Rettskriving er faktisk viktig, det....


Mystisk Allium....

Alliumen i forrige innlegg har eg nå funne navnet på. På Langangen sine sider blir den beskreve slik:
"Allium cyanthophorum v. farreri
prydløk, 10cm, mørk lilla blomster, små hengende klokker"


Det var herifrå frøa kom i 06, og eg sådde mange slags Allium, men berre denne vart det noko av. Det rare er at eg ikkje finn særleg med info når eg Googlar på dette navnet?

søndag 21. juni 2009

Allium og Bowl of Beauty

Ein liten tass som har lurt seg til å blomstre under ein peon i ventebedet. Sjølvsådd allium, som eg kvart år gløymer at eg har, men som eg blir veldig overraska og glad over å finne igjen. Lurer berre på kvar den har lyst til å vekse? Litt ille å la den vansmekte i ventebedet i år etter år, sår den er sååå fin!

I år har denne peonen, som heiter Bowl of Beauty trur eg, fire blomster, to i fjor! Spratt skikkeleg ut i dag, men bildet er frå 08.
Dagen har vore brukt i hagen. Har planta ut sommarblomster, rydda og prøvd å få tømt planterommet samt få det til å minke litt på alle pottene med diverse. Det er meldt fint, varmt vær, og da veit eg kven som blir gåande og vatne småpotter i timevis....
Har også laga ny porsjon med urtesalt. Denne gongen også innblanda nokre blad av ruccolaen som er fin og hausteklar. Må prøve å få ete den opp medan den er så fin, har ein lei tendens til å vente for lenge, og så blomstrar den plutseleg:-( Saltet står nå til tørk i den nye steikeovnen, med varmluft denne gongen. Har eg ikkje kome på før i dag.... Håper det går litt fortare da, for forrige porsjon brukte fleire dagar på tørkeprosessen.
Nå er eg varm i kjakane og på skuldrene, og ser at veslegutten har fått farge han også. Vi har nemleg hatt ein forsmak på sommaren i dag, med delvis sol. Nå som det blir varmare i været kjem det vel til å eksplodere med blomster: eg ventar på Iris ensata "Gracieuse", graslilja frå Hajal og to peonar med knuppar for første gong, mellom anna. Ha ei fin veke de og!

torsdag 18. juni 2009

tagging forts....

Grunna slurv frå mi side forsvann visst dei tre første spørsmåla i tagge-besvarelsen min i går. ja ja - får ta dei nå da:

Hva er du opptatt av for tiden? Hmmmm - trur eg er mest opptatt av å finne min "indre balanse". Prøver å ta meg sjølv mindre høgtideleg, og dei gode tinga i livet meir høgtideleg.... Hørtes det pretensiøst ut?? tja... Er i alle fall sant.

Hva har du på deg i dag? Dongeribukse, lillamønstrete skjorte og ballerinasko.

Hva skal du spise til middag? Å søren - i dag hadde vi restemat. Oppvarma laks frå forrige dagen, med mandelpoteter og ny kål.

Nå har eg fri i tre dagar, og er spent på været. Må prøve å få litt orden i plantekaoset ute. Skal jobbe iherdig med å kose meg, og ikkje ergre meg. Det er jo så fint ute nå! Juni er ein overjordisk vakker månad her på vestlandet. I dag kjørte eg tur/retur Stadt (Norges vestlegaste punkt), og det var som å kjøre gjennom eit fleire mil langt samanhengande blomsterbed!

Ha ein fin sommarkveld!

onsdag 17. juni 2009

Iris ensata og tagging

Har blitt tagga av hajal:

-Hva vil du gjerne lære deg? meir om støyping og muring

-Hva hører du på akkurat nå? ingen ting
-
Hvordan er ditt favorittvær? gjerne sol, men ikkje for varmt. Godt med ein og annan regndag innimellom da ein kan gjere det ein vil og ikkje treng å ha "dårlig samvittighet" for å være inne (miljøskadd etter 16 år som vestlending..)

-Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? å få ferdig stien og kanten langs den, bak garasjen, samt å få gjenomført nokre andre hageprosjekt som krever litt ekstra innsats

-Hva synes du om personen som har tagget deg? Harald er ein tvers gjennom snill og raus person, og han har enorme kunnskapar om plantar og haging! (og han er verkeleg ekte hagegal;-)

-Hvis du kunne fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det vært? i Portugal. Det er eit veldig spesielt land der ein kjenner seg heime som nordmann. Kanskje fordi dei også har ein liknande veslebrorposisjon i høve til Spania, som vi har til Sverige, samt er ein gamal sjøfartsnasjon som oss? Eg opplever at Portugisarane er åpne og rett fram. Det likar eg.

-Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? nokre fridagar!

-Hva ville du gjerne bli kvitt? eg seier som Hajal: Skvallerkålen!

-Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du dratt? England, kanskje Sissinghurst eller ein annan kjent hage?

-Hvilket språk vil du lære? Spansk.

-Hva ser du etter i en venn? ekthet, trufasthet og sans for humor.

-Hvem vil du gjerne møte? akkurat nå venninna mi som ligg på sjukehus. Ellers: Nelson Mandela.

-Hva slags musikk liker du? Eg likar rock, pop, jazz - til og med køntri og klassisk. Likar musikk som er ekte, som ikkje er for kommersiell og absolutt ikkje "klissete".

-Hva er favorittplagget i klesskapet ditt? hageantrekket! Gamal slitt dongeribukse og t-skjorte.

-Hva er drømmejobben? veit ikkje. Har ein bra jobb nå, men må bli flinkare til å jobbe sånn at eg har att litt energi etter jobben og....

-Har du noen favorittmodeller? hææ??

-Hvis du hadde hatt 1000 kroner nå, hva ville du brukt de på? sett dei på drivhuskontoen....

-Beskriv stilen din? hagestilen min er "kaotisk og frodig" Struktur finn du lite av i beda mine.... Ellers er stilen min muligens sporty, har i grunnen ikkje tenkt så mykje over det...

-Hva var det siste motebladet du leste? Teller KK som moteblad, så var det det.

-Den siste cd-en du kjøpte? Hugsar ikkje, trur det var Madrugada, men ergrar meg stadig over at eg har mista Timbuktu-CD-en min.

- Hva hørte du på da du ble tagget? ingen ting. Kanskje ein teiknefilmkanal som sto og gjalla for eg sjølv på TV-stua?

-Hva vil du akkurat nå? hente meg litt meir rødvin. Feirar at det endeleg følest som det er sommar, og at eg er frisk att etter ei veke med hangling!

Til slutt må eg berre melde ein gledeleg nyhet: det er 5 KNUPPAR PÅ IRIS ENSATA i år! Endeleg skal eg få sjå den nyyyydelege blomsten. Har venta på den i to år.
Formen er som sagt bra igjen, etter ein skikkeleg sovekur i går. Til saman eit par timar på sofaen i løpet av dagen, OG ei god natts søvn i tillegg gjorde susen. Det er godt, eg har masse som skulle vore gjort ute. I kveld har eg planta ut ein god del sommarblomster og anna, så nå kan regnet gjerne kome for meg.

mandag 15. juni 2009

Urtesalt 2009

Aller først bilde av ein nydeleg Geranium som omsider har funne ut at den skal blomstre. I fjor hadde den berre blad. Eg har fått den av ei dame her på Eid, og den har enorme blomster, og ganske lodne blad. Veksten er pen, tueforma, om lag 40 cm. høg kanskje. Denne likar eg. Ein del andre Geraniar som er meir sprikete i veksten, samt legg seg ned, likar eg ikkje. Nokon som kan kome med eit tips om navn, kanskje?
I går laga eg urtesalt igjen. Prøvde med litt anna blandingsforhold i år, men er omlag det same eg hadde å putte oppi i fjor. Blir litt at "man tager hva man haver". Fekk det innfallet at eg skulle putte oppi eit par skvallerkålblad også. Ser på det som ei magisk handling, der eg fortærer den forhatte planta og håper det vil svekke veksten og gje frøa dårlege kår i året som kjem!!


2009-utgaven av urtesalt:
2 liter friske urter - forholdsvis tettpakka; mest av det første på lista, og gradvis mindre av det andre:
-oregano
-sitrontimian
-vanleg timian
-bjørnerot
-løpstikke
-basilicum
-persille
-graslauk
-salvie
-skvallerkål (!!, if you cant beat it, eat it!!)
-nokre blad hestemynte
-to vårlauk
-1 chili
-2-3 små godt modne tomatar
Kjør i matmølle til finhakka graut.
Ha i 2 dl. havsalt. Kjør litt til. Tørk på bakepapir. Kjør i matmølla igjen til pulver.
I dag er eg heime frå jobb. Er tufs, men har ingen diagnose. Nå ser det forresten ut til at eg må ein tur til Stryn likevel. Sukk....