I dag har det vore varmt her. Nærare 30 grader i skyggen, og det er overveldande for ein hutrande nordmann som har levd med 8-12 grader og regn i lengre tid. Eg blir utslått, kort og godt. Eg er nok ein genetisk sett fullt ut nordisk type, som er skapt for andre slags temperaturar enn dette. Likevel kreka eg meg ut i eit ugrasområde i dag tidleg, utrusta med spade og diverse bøtter. Saken er den at vi maler hus om dagen, og nå kryp malinga seg nærare og nærare austveggen "min" der amatør-gartneriet mitt held hus.... Det handlar om den tidlegare omskrevne "plantetrappa" mi, som er som Sareptas krukke: det minkar ALDRI på plantane same kor mykje eg plantar....
Heile austveggen på huset er katastrofeområde: dette er den mest vekkgøymda delen av tomta heldigvis, og her har eg alt det utstyret som høyrer med til aktiv haging: 10.000 tomme potter i absolutt ALLE storleikar, jordsekkar, spader, greip, kantklippar, potter med planter til herding, tomme potter som ventar på sommarblomster, aluminiumsbrett til å sette småpotter på når dei må vatnast frå botnen, saks, plantestøtter, hyssing, vasskanner, murarbøtter - ja du forstår sikkert teikninga! (manglar uthus!!). Oppi dette kaoset skal malaren (attpå til naboen) finne plassar å sette opp stigen! Dette er som de forstår grunnen til at ein i 30 grader må til å spa opp eit område som kan brukast til utplanting av diverse.
Området det er snakk om er inngjerda av ein bitteliten flettekant av kvistar/hasselgreiner, og oppi der har eg planta masse påskeliljer og snøklokker. Det er eit flott syn så lenge det blomstrar der borte, men når sesongen er over er det skvallerkålen som tek over. Skrekk og gru... Nå fekk eg snøya det rett før frøa var eit faktum, men var berre blomster enda heldigvis. Så måtte eg til å spa, og plukke laukar og legge i bøtte. Laukane skal nedi att til hausten. Eg tenker at dette kan bli eit fint område for venteplantar, sommarblomster til overs og snittblomster som det egentleg ikkje er plass til i kjøkkenhagen lenger. Eg har veldig lyst til å lage ein liten mur i bakkant, og kanskje ein gangsti på midten - har mykje halvstor stein eg kan bruke. Den treng kanskje litt sement innimellom, er ikkje heilt stor nok til tørrmur. Litt lenger opp i bakken har eg lyst til å mure låge murar og fylle med grus/jord, det skal bli krydderurt-bed.
Jo da. Planar har eg nok av. Nå får eg berre glede meg over at eg kom nesten halvvegs i spainga mi, og tanken på at prosjektet i alle fall er påbegynt. Mål nummer ein er uansett å få ein plass å gjere av alt som står i plantetrappa.....
fredag 26. juni 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etiketter
- acer (1)
- akeleier (1)
- allium (3)
- asparges (1)
- august (1)
- aviser (2)
- basilicum (1)
- bilder (2)
- bloggteknisk (2)
- blomstring (10)
- Busker (1)
- busknellik (1)
- clivia (2)
- cottage garden (1)
- dokumentasjon (1)
- drivhus (1)
- duftplantar (1)
- englandstur12 (2)
- ferie (5)
- forumtreff (1)
- frø (1)
- frøbestilling (1)
- frøliste (5)
- fuchsia (1)
- hage (14)
- hagearrangement (2)
- hagelagsarrangement (4)
- hagelagsmøte (1)
- hagepause (1)
- haust (6)
- Herdishagen (1)
- hippeastrum (14)
- iris (3)
- jul (2)
- juli (3)
- kjøkkenhage (10)
- klematis (2)
- kvardagshendingar (5)
- liljer (1)
- lopud (3)
- mat (1)
- merkedag (1)
- muring (1)
- nyttår (1)
- pelargonium (1)
- peonar (2)
- plantebestilling (1)
- planteliste (10)
- pris (2)
- prosjekt (6)
- rekordar (1)
- sol (2)
- somling (1)
- sommarblomster (13)
- sommerblomster (1)
- spiring (9)
- stauder (14)
- stiklingar (1)
- surjordsplante (1)
- såing (11)
- såliste (16)
- tenerife (1)
- tomatar (1)
- toårige (1)
- trepeon (3)
- urtesalt (2)
- Utepeis (1)
- utfordring (1)
- utøy (2)
- vår (2)
- vårlauk (1)
2 kommentarer:
Hi-hi. Kaotisk arbeids- og lagringsområde må man jo ha - ?
Nordsiden her tilsvarer østsiden hos deg. Ikke mye å vise frem akkurat, men når besøkende skal se på hagen, må de passere dette (pinlige men nyttige) katastrofeområdet! Huff, huff.
Godt å høre at fleire har eit sånt katastrofeområde;-)
Legg inn en kommentar