Viser innlegg med etiketten stauder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stauder. Vis alle innlegg

søndag 5. juni 2016

Travle tider i hagen

Mykje som skjer i hagen for tida. 5. juni i dag, og vi har eit vær som gjerne kunne gitt seg ut for å vere juli. Eg har flytta kjøkkenhagen min i år, og som vanleg ligg eg litt etter med det meste, så fekk ikkje tak i settepoteter... Har laga til fire pallekarmar på eit ubrukt område, men som trengte litt rydding først. Fekk også planta rotskudd av den gamle Besta-syrinen. Den opprinnelege buska måtte fjernast da vi planta hekk i april. (Hemlokk). Rotskuddet står nå ved den nye kjøkkenhagen, og kan kanskje glede den som jobbar der (meg!😂) på rette tida, med nydeleg blomsterlukt. Så legg eg ut eit bilde av noko eg ønskar meg, nemleg utepeis! Kanskje ein gong🤗
Duppesoleia måtte også flyttast, men ser ut til å trivast ved salixen. Skal dele den når den blir større, så eg kan ha denne nydelege stauda fleire plassar. 

Under: superpetunia raspberry blast. 

Rhododendron luteum, blomstrar for første gong. Flott plante! Luktar aldeles nydeleg.....


Nye bed i kjøkkenhagen. Dei to fremste laga i dag, og delvis fylt med kompost frå den gamle varmkompostbingen. Den eine skal eg ha squash i når plantene blir større. Ellers har eg sådd plukksalat, bondebønner og sukkererter i dag. Planta ut to plantar med brekkbønner, og har seks grønnkål frå før. Så spørs det på gartneren nå da... 

tirsdag 28. juli 2015

Meir blomster - fortsatt juli!

Klematisen Hagley Hybrid. denne har eg hatt i mange år, og den brukar å vere først ute med blomstringa. I år er den liten og puslete, og var slått av ein anna klematis som kjem lengre ned i innlegget.... Dette er uansett ein villig og frodig klematis som eg kan anbefale på det varmaste.
lychnis coronaria, toårig, finst også i kvit og lys rosa men denne cerisefarga er den mest vanlege trur eg. Sjølvsår seg litt men det er berre fint!
Dette er ein japansk lønn som heiter Orange Dream. Acer palmatum. I år har den auka bra i størrelse, og det er eg veldig glad for, for eg ser den frå kjøkkenvinduet og den rett og slett gløder der den står! Eg er også  veldig glad i orange....
Denne klematisen er eg litt usikker på kva heiter, men trur det er Piilu. I år hadde den to-tre veldig fylte blomster aller først. Det er blomster på fjorårsskudd. Dei som kjem seinare er frå årets skudd, og er enkle. Ikkje verst!
Dette er kongslys, eller verbascum nigrum. Desse frør seg litt, og eg har hatt dei i mange år. Dei er lette å luke vekk, men treng stor plass da rosettane blir digre. Desse likar eg godt. Dei er stilige og ranke og held seg oppreiste og fine uten støtte.
Ein liten ukjent geranium som eg trur må kome frå ei generøs hagedame på Stårheim. Eg fekk den med heim etter Eid hagelag sin basar i vår, og vart overraska da denne nydelege vesle rosa blomsten titta fram.
Klematis Etoile Violet, og årets suverene vinnar av klematiskonkurransen. Den kom tidleg i blomst, og er overveldande diger, men dobbelt så store blomster som dei andre. Den er i slag i år, og håper den gjentek oppvisninga neste år også. Men da skal eg prøve å beskjære dei litt, og ikkje berre la dei gjere som dei vil...
prydsvinerot, eller stachys grandiflora. Den sprer seg sakte, den tåler tørke og regn, den har fint bladverk, den er så tett at den held ugraset unna og den blomstrar forholdsvis lenge og på dei tid da mykje anna er ferdig. Og den har ein fin lillafarge. glad i denne.
Dette er ei prydbuske, nemleg sambucus nigra Black Lace. Den finaste hyllen eg veit. Håper eg får behalde den lenge .
Her er ein litt unnselig peon som eg trur kom som poderot til ein trepeon. Trepeonen døde, men opp kom denne. I år er den fantastisk, og dankar ut dei andre som er fylte og legg seg overende og ligg og blomstrar. Eg er også svak for enkle blomster, så da så.
lychnis chalcedonica, kvit. Sjølvsådd for nokre år sidan. Står heldigvis ein igjen i rotebedet, dei andre har eg gitt bort og eller dei har krepert av vanstell:-(
Her er ein nattlys, eller oenothera speciosa. Den redda eg ut av eit villniss i fjor, og ville prøve å berge den frå kvelningsdøden. Det har eg fått til, og nå skal den få vekse og legge på seg . Er glad i den fine gule fargen som er så fin i lag med dei raude knuppane.

Her er ein hosta som sneglane ikkje rører! Den heiter El Ninjo, og nedstammar truleg frå Halycon. Den har eg også, og den er av dei eg er mest glad i. Herlege planter.
Ja da, dette er vågalt, eg veit det. Snart har krypfredløsen teke over heile bedet. Eg må berre la den få lov til å briljere litt til før eg tek den vekk. Flott!
Ein sjølvsådd primula frå frø feg fekk på Hagegaltreffet i Kristiansand i 2011trur eg. Den heiter primula (hugsar ikkje nå, må sjekke)
Dette er ei herleg staude som heiter gillenia trifoliata.
Her er ein stikling eg tok av ein flott gyllengulgrønn busk for eit par år sia. Den har overlevd i potte, heldigvis! Blærespirea.  Physocarpus opulifolius. Trur det er Darts Gold. må finne ein fin plass til den i eit bed snart.

tirsdag 10. juli 2012

Chiastophyllum oppositifolium, smørblad

Har nyleg kjøpt frø av chiastophyllum oppositifolium, smørblad eller gullbue på norsk. Frøa hadde sortsnavnet "Solar Yellow". Ikkje før frøa dumpa ned i postkassa, så snubla eg over same planta på eit lokalt gatneri (Nyttingnes). Den var fin! Er glad eg fekk tak i den, og gleder meg til å sjå korleis den likar seg i det bedet eg har planta den. Skal også så frøa til våren, og håper sorten med det flotte navnet "Solar Yellow er enda finare enn den eg har kjøpt:-)

mandag 27. februar 2012

Har sådd stauder omsider

Desse frøa er i ferd med å kome seg ut i "vinterkulden" for å få ein kuldeperiode før det blir vår for alvor:

Trolliua altaicus (Magnar)
Caltha palustris (Magnar)
Delphinium brunonianum (Magnar)
Meconopsis integrifolia (Magnar)
Meconopsis aff Lingholm (Magnar)
Allium insubricum (Magnar)
Swertia kingii (Magnar)
Angelica archangelica
Primula waltoniihybrid (MonaHN, frøboks)
Helleborus (Ananas, frøboks)

Kan ellers føye til at Browalliaen endeleg har spirt. Sådde alle frøa, i to potter, men har endt opp med tre mikroskopiske spirer. Håper eg greie å halde liv i dei. Så har endeleg blodbegerfrøa mine spirt. Det er ei stund sia nå da, men jammen tok det si tid. Eg har lese at dei skal ha lys fr å spire, er det det som gjer at enkelte får spiring fort medan andre må vente i vekesvis? Uansett er eg litt stolt av at dei sjølvhausta frøa mine var såpass tess, og har nok til å gje vekk nokre i år også. Koseleg det! Har også overvintra nokre plantar for første gong, den eine har forsyne meg blomstra på planterommet i haeile vinter. Det skal da bli blodbeger her til sommaren!

torsdag 10. mars 2011

Tid for frø

Sit med bunkevis med frøpakkar her, og det dukkar opp ting eg dessverre hadde gløymt at eg hadde skaffa: Gladiolus caucasicus-frøa frå Akoen for eksempel. Spennande! Må berre prøve å få dei i jorda nå da, ellers blir det vel dårleg med spiring...

Her ei liste over staudesådden så langt:

Gladiolus caucasicus (Akoen)

Gladiolus i. palustris (Akoen)

Delphinium cashmerianum (Akoen)

Iris wilsonii (Racemosa)

Anthyllis vulneraria coccinea (Seascape)

Har også på sålista matthiola longipetala, eller Gresk levkøy som den heiter i Impecta-katalogen. Skal visst lukte godt, så det skulle bli ein velduftande sommar når både den og heliotropium "Marine" set i gang å blomstre. Mmmmm, gleder meg til varme sommarkveldar på plattingen:-)

søndag 7. november 2010

November-synder i potte

Vi har starta på den andre vinteren alt, og vi er berre i november. Eg meiner altså at nå er det kvitt på bakken andre gong før jul, for nokre dagar. Ofte har vi ikkje hatt noko anna enn klissvått, iskaldt ausregn fram til over nyttår, men truleg varer ikkje denne vinteren heller så lenge. Dette skriv ein person som er født om vinteren, og som dei første leveåra sine trudde "vinter" betydde permanent snødekke frå oktober til april, og som tok på seg skia rett utanfor døra og gjekk skitur fleire gonger i veka, 2,5-kilometern eller 5-kilometern alt ettersom. Når det vart "vår" smelta snøen, og vi fekk sjå att alt det rare som låg på bakken da den kom hausten før. Nå bur eg på vestlandet i 2010, og her er det ikkje slik! Eg, og mange med meg gleder oss over snøen; den er veldig pen, den gjer alt lysare og den gir muligheter til uteaktivitetar som både små og store set pris på.
Likevel klager eg. Eg har nemleg ting ståande i potter og liggande i poser, som skulle vore i jorda... Sist helg var eg og to andre damer frå det lokale hagelaget på fylkesårsmøte på Kviknes hotell i Balestrand. Det var ei triveleg og inspirerande helg, og som tradisjonen tilseier i hagelagssamanheng: utlodning! Underteikna vann følgande planter:

Kvit bekkeblom caltha palustris, alba


Gul lerkespore (corydalis)


Lammeøre (stachys byzantina)


Rød sporeblomst (centrantus ruber)


hosta "Elegans"

Heldige meg! Men dei står nå der i pottene sine:-( Dessutan har eg liggande lauk av diverse slag som vanleg, både slikt eg har greve opp av jorda i sommar og slikt eg har kjøpt og ikkje fått planta enda. Eg er fæl til å ta vare på den minste vesle lauk som dukkar opp i gravinga, men får eg dei i jorda igjen? Nei....

Andre plantesynder som er begått her er bestilling av hippelauk. Den under er ikkje den eg har bestilt, men fargen er litt lik. Det er min kjære "Orange souvereign", som gjekk ut for meg i den store hippemassakren på grunn av middangrep for to år sidan. Hulk.... Nå er interessa på veg tilbake, etter å ha fått seg eit skudd for baugen av massedøden.

Den står på badet på undervarme og godgjer seg, og ein gjeng andre eigne hipper frå i fjor står kjøleg i kjelleren. Gleder meg til blomster!


Den store japanlønnen min på det nederste bildet fekk knekt av seg to store greiner under forrige snøfall dessverre. Det handla om at den stod med masse lauv på seg, og at snøen som vanleg var tung og våt. Ja ja, eg får stusse og frisere så godt eg kan, og håpe at det fine vesle treet får ein brukbar fasong likevel. Eg planta den for sikkert tretten år sidan, så den hadde vokse seg ganske stor.



Måneskinnslønnen min som er er så glad i, (acer shirasawanum) er veldig pen uansett om det er sommar etller haust. Berre sjå!
Ellers meinte eg at eg såg det var veldig rimelege hipper hos Lille gartner nå? Hmm, skal skal ikke?!

onsdag 18. august 2010

Augustsommarvarme

Eg jobbar så svetten silar med dette prosjektet i varmen. Joda, vi har da fått sommarvær vi og omsider. Det hjelper ikkje kor varmt det er, eg må berre prøve å få gjort så mykje som muleg før vinteren. Er ganske lei av at det står i stampe. Som de ser under her, så er det eit skrånande stykke som ligg mellom garasjen og ein mur med eit legjerde på toppen.


Den vesle øya med kirsebærtreet kjem mellom to stiar: ein smal øverst til venstre, og ein breiare som kjem att i høgre bildekant. Eg og mannen blir ikkje heilt enige om kva slags kant eller støttemur vi skal ha opp mot bedet på øversida. Eg hellar til betongelement, han vil snekre med trykkimpregnert tre. Vi får sjå.
I dag grov eg meg på ein koloss av ein stein. Eg greide ikkje å rikke den, så eg trur eg må ha hjelp. Den ser rimeleg firkanta ut, så eg tenker den kan brukast til den trappa av naturstein eg har planlagt i ein skråning der den smale stien tek av, der er det nemleg ei lita bratt kneik. Sikkert ikkje lett å forstå dette, men men...
Midt i all jorda så blomstrar det da ganske fint. Eg likar kjempegodt Lychnis coronaria. Sjå kor fin den er i lag med det blåe prydgraset!

Stokkrosene under veks på andre sida av huset, og blir finare for kvar dag! Er så fornøgd med at eg har sådd dei sjølv:-D!


I går tok eg frø av Aquilegia chrysantha. Eg lurer på om den kan vere frøekte?`Fann ikkje eksakte opplysningar om det når eg søkte, men berre anbefaling om å formere den med frø. Eg har ei slik plante, og den har blomstra kollossalt lenge. Bildet under tok eg i går! Ingen av dei andre akeleiene blomstrar nå, og den står midt i sola, og ganske tørt. Fin plante som eg likar betre og betre.

Ellers er eg sjukmeldt igjen nå, og er ganske så usikker på kva framtida vil bringe når det gjeld jobb. Føler for å skifte beite, meir veit eg ikkje sikkert enda. Er i tenkeboksen. Ha ein fin kveld;-)

onsdag 11. august 2010

Tusen strålende soler -?

Nå blomstrar endeleg dei sjølvsådde stokkrosene frå i fjor. Det er ein rustresistent sort, og så langt ser dei ok ut. Friske og fine, med ganske fine fargar. Enkle, den du ser under er i grunnen den finaste så langt. Nokre er lys lys rosa, og dei er vel godt over to meter høge nå.

Under ser du den lysrosa, med ei humle inni. Den hadde sikkert søkt ly for regnet!
Her er nøkketunga mi: enorm vekst på den i år. Er sikkert også to meter nå, og med enorme knuppar. Fasinerande med sånne kjemper som skyt i været. Denne fekk eg som prikleplante frå nokon i fjor, eller var det året før? Rita kanskje? Den har nok brukt eit par sesongar på å bli såpass diger, trur ikkje den blomstra i fjor.
Som alltid hos meg er fargane ikkje like godt planlagt. Rett ved sida av nøkketunga, som eg går ut frå bli gul, står ein lys rosa kattehale, i lag med ein mørk hyll. Det er sambucus "Black Beauty", som også har blitt diger i år. Desse to kler kvarandre godt synest eg. Kattehalen flytta eg frå ventebed på forsommaren i fjor, akkurat da det var så tørt her. Dermed kom den ikkje i blomst da, men heldigvis er den på plass igjen i år. Denne likar eg! Navn? Hmm. Det er nok Lythrum salicaria "Blush" frå Nautesund tenker eg.

Så til denne gule røvaren, som også er ein diger rugg som tek seg til rette. Den er sådd av frø frå RandiF, og heiter... nei, det kjem eg altså ikkje på i farten. (Telekia speciosa, seier Randi;-)Det var ei av spirene som overlevde da eg sådde, og det er denne. Nå er den enorm, trur veldig mange av plantene mine har likt dette blandingsværet vi har hatt i sommar, med ein miks av regn og sol. Den er da fin? Eg er litt sur for at den legg seg litt utover, men det handlar delvis om at eg er skikkeleg sløv med å støtte opp ting i tide.

Så til ein stolthet: Thalictrum delavay "album". Denne har eg fått med meg frå sjølvaste Peter Korn sin hage, smugla over grensa av ei nervøs Cherie.... Ikkje fint gjort, men freistinga var ikkje til å motstå, og eg tok berre sjansen på ei einaste plante altså, sjølv om han hadde andre godbitar til salgs også...
Knuppane er aldeles nydelege, som små kvite perler.
Sjølvsådde saker, altså sånne som sår seg sjølv, har det veldig godt i hagen min. Det er fordi eg skjelden blandar meg inn i om dei skal få frø seg eller ikkje, og kvar dei skal få vekse.... Dermed skjer det sånne ting som at eg plutseleg har kvite kongslys nesten over alt. Men fine, det er dei! I dag las eg at nokon hadde teke frø av desse, og det burde jo eg ha greid å kome på og...... Skal jammen gjere det i haust. Får håpe det blir mest kvitt avkom, for eg ser at det etter kvart har dukka opp nokre lysegule innimellom dei kvite. Fine dei og, synest eg - og eg blandar meg ikkje så mykje inn i kva dei styrer med som sagt;-) Du ser to gule i bakgrunnen her:
Ei av dei høge plantane som har likt seg i år er mjødurten. Dette er filipendula rubra, muligens "Venusta". Den har brukt å legge seg ned, og i ein varm sommar blomstrar den fort av. Men i år er den flott, og oppreist! Har dessverre spredd seg litt for mykje, så eg trur den må flyttast. Har tenkt ut ny plass og alt, berre å få gjort det.
Klematis-år er det visst og her i hagen. Eg har fortalt om min kjære Hagley Hybrid før, men sjå her kva som blomstrar for første gong: det er "Piilu" frå Kivistik-importen for nokre år sidan. Eg ser at det er to til på gang av dei eg kjøpte da, så dette blir spennande.
Her er det ein ukjent kar som blomstrar fint mørklilla. Det er ikkje "Etoile violet" trur eg? Den er i alle fall ikkje kjøpt som det, for den har eg frå før, og den planta har ikkje tenkt å starte å blomstre enda. Får sjekke listene frå Kivistik-importen og prøve å finne det ut. Fin er den i alle fall.
Ja, den ukjente digre gule (som altså heiter Telekia) sneik seg med til slutt. Den er faktisk ganske fin med den mørke lønnen i bakgrunnen. Berre eg kunne klare å hugse å støtte den opp neste år!
Eg er heime frå jobb i dag, og kosar meg med at tida kan få gå som den vil utan avbrudd. Det er godt for kropp og sjel:-)