søndag 7. november 2010

November-synder i potte

Vi har starta på den andre vinteren alt, og vi er berre i november. Eg meiner altså at nå er det kvitt på bakken andre gong før jul, for nokre dagar. Ofte har vi ikkje hatt noko anna enn klissvått, iskaldt ausregn fram til over nyttår, men truleg varer ikkje denne vinteren heller så lenge. Dette skriv ein person som er født om vinteren, og som dei første leveåra sine trudde "vinter" betydde permanent snødekke frå oktober til april, og som tok på seg skia rett utanfor døra og gjekk skitur fleire gonger i veka, 2,5-kilometern eller 5-kilometern alt ettersom. Når det vart "vår" smelta snøen, og vi fekk sjå att alt det rare som låg på bakken da den kom hausten før. Nå bur eg på vestlandet i 2010, og her er det ikkje slik! Eg, og mange med meg gleder oss over snøen; den er veldig pen, den gjer alt lysare og den gir muligheter til uteaktivitetar som både små og store set pris på.
Likevel klager eg. Eg har nemleg ting ståande i potter og liggande i poser, som skulle vore i jorda... Sist helg var eg og to andre damer frå det lokale hagelaget på fylkesårsmøte på Kviknes hotell i Balestrand. Det var ei triveleg og inspirerande helg, og som tradisjonen tilseier i hagelagssamanheng: utlodning! Underteikna vann følgande planter:

Kvit bekkeblom caltha palustris, alba


Gul lerkespore (corydalis)


Lammeøre (stachys byzantina)


Rød sporeblomst (centrantus ruber)


hosta "Elegans"

Heldige meg! Men dei står nå der i pottene sine:-( Dessutan har eg liggande lauk av diverse slag som vanleg, både slikt eg har greve opp av jorda i sommar og slikt eg har kjøpt og ikkje fått planta enda. Eg er fæl til å ta vare på den minste vesle lauk som dukkar opp i gravinga, men får eg dei i jorda igjen? Nei....

Andre plantesynder som er begått her er bestilling av hippelauk. Den under er ikkje den eg har bestilt, men fargen er litt lik. Det er min kjære "Orange souvereign", som gjekk ut for meg i den store hippemassakren på grunn av middangrep for to år sidan. Hulk.... Nå er interessa på veg tilbake, etter å ha fått seg eit skudd for baugen av massedøden.

Den står på badet på undervarme og godgjer seg, og ein gjeng andre eigne hipper frå i fjor står kjøleg i kjelleren. Gleder meg til blomster!


Den store japanlønnen min på det nederste bildet fekk knekt av seg to store greiner under forrige snøfall dessverre. Det handla om at den stod med masse lauv på seg, og at snøen som vanleg var tung og våt. Ja ja, eg får stusse og frisere så godt eg kan, og håpe at det fine vesle treet får ein brukbar fasong likevel. Eg planta den for sikkert tretten år sidan, så den hadde vokse seg ganske stor.



Måneskinnslønnen min som er er så glad i, (acer shirasawanum) er veldig pen uansett om det er sommar etller haust. Berre sjå!
Ellers meinte eg at eg såg det var veldig rimelege hipper hos Lille gartner nå? Hmm, skal skal ikke?!

7 kommentarer:

Unknown sa...

Ja det går kjapt mot jul nå gitt! Mine hipper står nede på varmekablene. Håper jeg får liv i dem.

RandiF sa...

Og derrrr!! Gikk det en bestilling til Lille Gartner. Endelig ’Papilio’ til en overkommelig pris!! Fairytale og Afrodite slengte seg med også…. 

Herdis sa...

Ja, eg er sterkt frista til å bestille meir:-)

Berit sa...

Fristende priser der gitt, useriøs forretningsdrift eller ikke. Ganske små løk, antakelig.

Herdis sa...

Nei, den lauken eg har fått (rett nok før prisane dalte så veldig), var stor. Håper den er frisk, såg ein liten råteflekk på eine sida, men ikkje verre enn ein finn på vanlege butikkhipper også. Det går vanlegvis bra, dei er ganske tøffe.

Sigrid sa...

...og der ble jeg lurt utpå, jeg også. Jeg som hadde bestemt meg for ikke å bestille fra dem....

Herdis sa...

Nå har eg fått beskjed om at nesten alt er utsolgt der...:-( Fekk berre ein, (Green Goddess?)men infoen på epost var litt forvirrande.