Her er eit kart over denne 4,6 km2 store øya ein 50-minutts båttur unna Dubrovnik.
Rutebåten Postira har fire avgangar kvar dag, frå og til Lopud. Den går også til dei andre to øyene. Ekssjømannen vår meinte først at den måtte vere frå 40-talet, å dømme etter byggemåten. Den er nemleg klinka, og ikkje sveisa, og det skal visst i følge han vere ein urgamal måte å lage båtar på. Etterpå undersøkte han litt på nettet, og fann ut at den nok er frå 60-talet. Det stemte bra med stilen på interiøret, som nok ikkje har blitt modernisert særleg mykje. Postira er ein holk av ein båt, men med stor sjarm!Det er funne mange spor etter grekarar og romarar, men på 900-talet kom Kroatane og busette seg der. Ein har funne restar av fire kroatiske kyrkjer, som er av dei aller eldste, men det skal vere over tretti kyrkjer og kapell til saman. Frå 1100 vart øya ein del av republikken Dubrovnik, og på 15-1600-talet var det verkeleg gode tider. Da blomstra sjøfart og handel, og dominikanarmunkar og fransiskanarmunkar sørga for at barna lærte å lese og skrive, og ellers fekk utdanning på høgt nivå. Det vart også undervist i navigasjon, slik at sjømennene frå Lopud var godt rusta for turane sine, mellom anna heilt til Amerika. Øya hadde på det meste ein flåte på 80 skip, som bisto Dubrovnik i både krig og fred. Det vart bygd herregardar og palass på øya, og det budde om lag 2000 menneske der på det meste. Nå er det dessverre berre 200 fastbuande, og å snakke med dei som bur der er som å snakke med ein nordmann frå eit utkantbygd. Det er bekymring over låge elevtal på skulen, og over at det snart berre er pensjonistar igjen..... Men om sommaren endrar dette seg, og øya blir besøkt av alle slags turistar. Det er tydeleg at nordmenn har oppdaga øya, og ikkje minst tyskarane. Andre nasjonalitetar var det berre nokre av da vi var der i alle fall. Veldig mange av dei som bur og jobbar der er gode i tysk.
Av dei tidlegare verkeleg store attraksjonane kan eg nevne Dordic-Mayneriparken grunnlagt i 1875, som er ein slags botanisk hage opprinneleg bygd av ein rik familie, i tilknytning til eit av palassa. Her vart det planta eksotiske plantar og tre frå heile verda, og det blir sagt at to av dei enorme furutrea her er dei største i Europa. Eg tok også bilde at eit Magnoliatre av ein viss størrelse. Det heiter magnolia acuminata.
Eg likte betre å vandre rundt på øya og jakte på orienteringspostar, og "oppdage" alle dei utruleg spennande historiske minnesmerka som du snublar over alle stader. Som dette vesle kapellet ved vegen til badestranda Sunj.
Ein liten kuriositet til slutt: far min fann denne boka på eit bord i spisesalen på eit av hotella som er i drift, ein dag vi åt frokost der. Forfattaren er den tidlegare redaktøren i den vesle lokalavisa Fjordingen i Stryn, nabokommunen vår der foreldra mine bur, og boka er på nynorsk!
Da blir det ikkje meir Lopud-stoff frå meg på ei stund. Denne øya gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og eg synest det har vore interessant å skrive litt om den, både fordi ein i skriveprosessen finn ut ting en ikkje visste frå før, og fordi det kanskje er spennande for andre også å lese om det. Vi er i alle fall inne på tanken om å reise dit igjen i juni, og da kan det nok kome meir Lopudstoff i bloggen....;-