tirsdag 13. januar 2009

Frøbestilling

Driv og puslar med litt frøbestilling for tida..... Blir svenske navn her da, orkar ikkje oversette akkurat nå. Irriterande at dei ikkje kan bruke latin i tillegg, da hadde det liksom ikkje vore tvil.

Odla.nu
Aklejruta (rosa)
Atlasblomma 'Rembrandt'
Fingerborgsblomma 'Pams Choice'
Luktärt 'Collection'
Ringblomma 'Triangle Flashback'
Sommarflox 'Tapestry'
Törnrosas kjortel 'Purple Bell Vine'

Impecta
Daucus carota L. 'Nantes 2'
Portulaca oleracea v. sativa 'Gul'
Portulaca oleracea v. sativa 'Grön'
Pisum sativum L. 'Oregon Sugar Pod'
Brassica oleracea L. 'Pentland Brig'
Capsicum baccatum 'Peri Peri'
Nerium oleander
Luzula nivea
Linaria purpurea 'Canon J. Went'
Lavatera thuringiaca
Tagetes patula 'Favourite Red'
Petunia hybrida milliflora F1 'Fantasy Pink Morn'
Lupinus aridus 'Summer Spires'
Bonusfrø: Convolvulus tricolor 'Blue Ensign'

Eg har skumle planar om å forandre og utvide kjøkkenhagen min i år. Eg grublar og tenker, og veg fram og tilbake på om eg kjem til å greie å halde eit større område enn eg har i dag i orden. Ein faktor som MÅ på plass for at dette skal bli vellykka er vatn. Eg må rett og slett grave ned ein solid vasslange frå krana og opp i kjøkkenhagen, som ligg "på toppen" av min bratte hage. Er eit slit å bære vatn i kanner opp dit som eg har gjort til nå, eller rettare sagt så har eg ståande ei murarbalje der oppe som eg fyller med hageslangen, og så vatnar eg med kanne frå den. Den står akkurat der som slangen ikkje rekk lenger, sjølvsagt ikkje heilt oppe.... Eg har og tenkt å fjerne eller kanskje flytte pallekarmane mine litt, og så lage til eit så stort område som muleg med åpen jord, der eg kan organisere beda akkurat som eg vil kvar sesong. Det krever berre at eg får disiplinert meg til å skyfle over kantar og gangar ofte nok til å halde ugraset nokolunde i sjakk. Greier eg det da tru?? Har lyst til å prøve, og kanskje blir det meir moro når eg slepp å sjå på at plantane tørkar vekk. Til og med her på vestlandet kan det bli tørke, faktisk. Har også tilgang på møkk, fekk eit tilbod seinast i dag. Eg trur det kan trengast ein del av det slaget, har tru på at litt gjødsel og jordforbetring vil gjere susen! "Drømmen om kjøkkenhagen" svever som de forstår rundt i hovudet på meg om dagen....

Her er den store steinen og benken ved kjøkkenhagen, som i dag består av fire pallekarmar og ei lita bot i tillegg der eg har hatt sånne sukkerertstativ av bambus som de ser på bildet. Bak steinen er det ein smal sti, og eit langt "karmbed" langs gjerdet. Det har vore brukt mest til ventebed til nå, men når eg får gjort alvor av planane om nye bed lenger ned i hagen, går eg ut frå at eg får plassert det meste der. Da tenkte eg det kanskje kunne høve med kryddervekster og snittblomster i dette bedet. Fint å sitte på benken og nyte synet av ein velstelt kjøkkenhage, det er berre ikkje så ofte eg har hatt gleda av det til nå dessverre. Men til sommaren, DA!

6 kommentarer:

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Du har jo laga slik stativ til sukkererter som jeg alltid planlegger at jeg skal lage til mine. Det er bare det at jeg kommer aldri så langt, og da ble de bare et eneste stort virrvarr hos meg. Kanskje til neste år.....

Herdis sa...

Ja, dei stativa der har fungert kjempefint. Eg har kjøpt bambuskjeppar ("brøytestikker", he he) hos Europris, dei er ikkje dyre og veldig haldbare.

Oline sa...

Hei
Jeg har lagt ned svetteslanger i min kjøkkenhage slik at jeg kan reise vekk når som helst. Har du bra jord?

Berit sa...

Heier på kjøkkenhagedrømmen din!
Det er en fryd å gå i kjøkkenhagen sånn ut i august-september og plukke ingredienser til middag.
Jeg har faste bed - dvs. heller mellom og rundt. Sparer mye arbeid og gjør vekstskifte fra år til år enkelt.

Herdis sa...

Svetteslangar er ein drøm, kanskje reliserbar? Heller mellom beda er også ein drøm, muligens litt mindre realiserbar i og med at det er så mange "kriker og krokar" der oppe. Og terrenget skrår! Eg blir alltid litt sur for at alle hagebilder eg ser med fine arrangement alltid er laga på paddeflatt underlag. Er omtrent ikkje ein kvadratmeter av mi to mål store tomt som er skikkeleg flat.

Randines parsellhage sa...

Ønsker deg lykke til med nye grønnsakbed, grønnsakdyrking er fantastisk...

Jeg har aldri prøvd pallekarmer, men er den lykkelige leier av flat jord til å dyrke på.

Kanskje terrassedyrking hadde vært en ide i et skrånenede terreng.

Planer er en glede uansett hva det blir utav dem.....