lørdag 7. februar 2009

Kunstig vår på badegolvet og hippeblomstring omsider

Her er ein ukjent rosa hipp som endeleg har kome i blomst. Den har mista navnelappen sin i sommar, men eg lurer på om det er ein som opprineleg var merka "rosa", kort og godt. Det er muleg at ekspertar som Sigrid klarer å finne navn på den, men uansett er den fin! Eg er glad i dei enkle, og rosafargen med det grønne i midten er liksom så vårleg og uskuldig. Ei fin oppmuntring akkurat nå, når spireprosjekta mine går så som så...

Her er den same rosa hippen med dagens utetilhøve i bakgrunnen. Godt det er ei glasrute mellom.... "Hipp i vinterlandskap" kunne høve som tittel. Den står sjølvsagt på kjøkkenbordet, for eg vil kunne sjå på den så ofte som muleg!


De hugsar kanskje at eg har hatt midd-angrep på hippelaukane mine? Eg har nå kvitta meg med 8 stykk som er kasta, og hadde eit lønnleg håp om at resten er friske. Så såg eg litt meir nøye etter på denne "cluster"-hippen som var kjøpt frå Eurobulb og skulle ha vore raud: Den er som de ser kvit, og har nydelege, liljeaktige enkle blomster. Eg er så glad i denne, men oppdaga ei raud stripe på eit av blada. I dag skal eg ta den ut av potta og dele den opp, den består av mange laukar nemleg. Tek vare på dei som ser friske ut og kastar den dårlege. Så kryssar eg fingrane for at det går bra!

I dag vart fleire frøpotter plassert på badet; desse kjem frå ein kunstig vinter i køleskapet til ein kunstig vår på badegolvet: Verbena bonariensis og Thalictrum rochebrunianum. Dei siste kunne eg sikkert ha sådd og sett ut, og det skal eg gjere med resten av frøa. Saken er at eg har prøvd det før utan resultat, så nå tenkte eg at eg skulle ha meir kontroll over desse etterlengta spirene med å gjere det slik. Dei skal få stå på planterommet til det blir vår ute, i kamp med tagetes og andre sommerblomster. Eg VIL ha sånne i hagen............!!!!!!

7 kommentarer:

Torill sa...

Thalictrum rochebrunianum har jeg sådd med stort hell før om åra. Her ble de også satt på badegulvet.
Det er en utrolig lekker plante som gjør mye av seg i bedda.

Herdis sa...

Hører at folk får til å så den. Nå har eg frø frå IngridE (frøboksen i fjor), og håper det fungerer betre enn gamle frø frå Impecta.

Elisabeth sa...

Wow så lekre, selv med snø i bakrunnen ;)

Berit sa...

Så lekker din hvite "Lovely Garden" er! Håper, håper den unngår middedøden! Jeg fikk den røde, veldig fornøyd med den. Kanskje du kunne tenke deg en sideløk når det blir forhold for å sende planter igjen? (-20 her, brr!!)

Herdis sa...

Ja, Berit. Det kan det bli ei råd med. Tenkte nok at du ville like den! Huff så kaldt de har det da. Litt minus her og, men meldt kaldare.

Berit sa...

Mente motsatt da, om du ville ha av den røde. Er ikke sikker om om jeg tør innføre noe som kan være smitta til meg, så lekker den enn er...

Herdis sa...

Ok, misforso visst. Forstår godt at du ikkje vil ha smitten, kasta fleire søndag, også rutilumane.... Hulk! Mor mi har fått av dei. eg må få tilbake frå henne etter kvart. Hennar er frisk heldigvis.