Her ser de den voldsomme spiringa i Nicotiana-pottene:
Nicotiana "Lime Green" står for tur for prikling.... Det er sjølvhausta frø, og spireprosenten må ha vore nær 120%. Har aldri sett på maken til grønn, kompakt "plen". Sådde jo litt tett, da eg ikkje var sikker på spireevna.... (ha ha).
Eg har tenkt å prakke på nokre av kursdeltakarane overskuddsplanter i morra, har heldigvis fått signal om at fleire er interessert. Da slepp eg å kaste dei, eller kanskje måtte flytte på hotell...?
Tomat "Silvery fir tree" og Tomat "Sub arctic plenty" fekk også kvar sine potter. Her hadde eg gamle frø, og sådde fire frø av kvar sort. Trur du ikkje samtlige spirte, og eg har fire kraftige planter av kvar sort! Litt i meste laget for meg som ikkje har drivhus, og i grunnen ikkje nokon egna plass å ha dei. Kanskje mannen min skal få snekre eit enkelt plasthus ute. Det hadde jo vore styggeleg moro å fått til tomatar for aller første gong i sitt liv.
Akkurat nå er det snø ute, men det har vore bart lenge og truleg forsvinn snøen att raskt. Heldigvis tåler alle laukvekstene litt kulde. Eg hugsa heldigvis på å sette kassene med staudefrø ut under åpen himmel, for dei var temmeleg tørre.
Akkurat nå er det snø ute, men det har vore bart lenge og truleg forsvinn snøen att raskt. Heldigvis tåler alle laukvekstene litt kulde. Eg hugsa heldigvis på å sette kassene med staudefrø ut under åpen himmel, for dei var temmeleg tørre.
Da må alle ha ein fin laurdagskveld!
5 kommentarer:
Støypkurs er ikke kjedelig i hvert fall, det er bra sikkert. Vi hadde i høst, det var kjempeartig. Damer helt opp i 60-70-80-alderen lekte seg i sanddungen - råartig!
Uff så ergelig med hippane dine. Håpar dei har overlevd iallefall så du kan starte dei frå nytt av.
Dei er vel redusert etter ei slik oppleving naturligvis.
Eit turfakurs hadde jammen gjort seg, vi får ta det opp i styret ;)
Ha ein fin søndag!
Nei, dei hippene som vart kasta ut er nok daue. Eg får satse på nye importar, og at det blir spennande saker å få kjøpt her til lands også i åra som kjem:-)
Pilflettingskurs var ikke dumt! Det blir mange flotte plantestøtter nå da?
Her er heldigvis ingen hippemidd. Men jeg har en som har råtna i potta - har antakelig vært uheldig med vatninga. Heldigvis er det en babyløk i potta som ser frisk ut, jeg skal redde den over på egne røtter, tror jeg.
Ser jeg var litt kjapp der - koke kaffe kunne du formodentlig fra før, hehe!
Legg inn en kommentar