onsdag 3. juni 2009

Eg vil ha meir TID!







Øverst til venstre ser de det japanske kirsebærtreet mitt i full blomst. Bildet er teke rett opp - altså eit "tak" fullt av fylte, rosa kirsebærblomster... Litt rart at det blomstrar så seint. Nå er jo alle andre kirsebærtre ferdige. Litt fint og da, så kan eg berre gå og glede meg til mitt kjem i blomst, medan eg ser på alle dei fine trea i andre sine hagar. Lurer på kva det heitte igjen, hadde eit japanskklingande navn. Etter litt googling kjem eg opp med "Kanzan", men eg er ikkje sikker.


Eg har også prøvd å forevige ein vellykka samplanting, men bildet vart teke i tungt gråvær og vart ikkje særleg bra. Den består uansett av ein Physocarpus "Diablo", to små rosespireaer som heiter Spirea bumalda "Goldflame". Dei flytta eg i fjor, og dei klarar seg kjempebra der i skråninga dei står nå, tørt og magert. Den tredje i selskapet er ein euphorbia griffithii "Fireglow". Den er knallfin i lag med det orangegylne spirealauvet, og nyydeleg med den mørke Physocarpusen bak. Hmm - kanskje det er håp for hagen min og... den er ellers mest prega av tilfeldigheter og rot.


Irisen over er enda ein av Nautesund-irisane som ikkje blomstra i fjor. Hugsar ingen av desse navna, men denne skal og må flyttast ut av eit katastrofeområde av eit bed der ugraset har teke overhand.


Denne sommaren skal viast OMPLANTING, og stiar i hagen. Skal ikkje kjøpe noko som helst nytt før eg har fått orden på det kaoset som rår i dag. Har plassproblem uansett kva eg gjer og kor mykje eg spar opp av bed. Det er planter på vent absolutt over alt det går an å sette ned noko. Det einaste eg skal unne meg (trur eg) er ein trepeon. Det VIL eg ha, og SKAL eg ha denne sesongen. Trur trepeonar er det penaste eg veit.


Til slutt kjem eit bilde av den komplette galskap. Det er (ein del av) plantesamlinga mi. Har sikkert dobbelt så mange potter som ikkje kom med på bildet! (Kvifor bildet absolutt ville ligge forstår eg ikkje, var akkurat inne for å rette det opp, men i mappa var det beint. Muleg det ser ørlitt ryddigare ut på denne måten?!) Uansett, noko av dette skal vekk snart, for Hagelaget har planteloppemarked på laurdag som kjem. Eg har skreve merkelappar og googla navn på harde livet i kveld. Syns leiaren i hagelaget får gå føre med eit godt eksempel og merke plantene sine skikkeleg, helst med BÅDE latinsk og norsk navn.
Nå skal eg pakke for to dagar på Sunnfjord hotell i Førde. Ha ein fin kveld alle andre hagegale der ute.
PS. Liten tilføyelse: clematis Hagley Hybrid spratt ut i dag 3. juni. Kva er det som foregår...?

7 kommentarer:

Vivishagerom sa...

Tenk om vi hadde hatt en hagebenk som fungerte slik at når vi satte oss for å nyte, da stoppet tiden. Det hadde vært himmelsk og jeg skulle ha sittet der hele dagen.
Bilde med potter i trappa var typisk hagegalskap, og helt forstålig.
Ha ett flott hotell opphold.

Elsa sa...

Nydelig det kirsebærtreet ditt.
Pottene på trappa vitner om hagegalskap, og det er da ikke det verste man kan ha:-)
Ha en fin uke videre:-)

Taleia sa...

Galskap som inneholder potter i hytt og pine er en deilig galskap. Det skal bare være sånn i trappene våre. Det kirsebærtreet ditt hadde nydelige blomster du! Kos deg på hotellferie.

Berit sa...

Jeg vil ha en av Vivis hagebenker!
Og dessuten hageredskap som virka på samme måten, slik at jeg kunne få gjort litt når jeg først satte i gang.

Mokki sa...

Sunnfjord Hotell var et fint hotell såvidt jeg husker - lange ganger med kunst på veggene. (Farta land og strand rundt en periode).

Randines hageblogg sa...

Mer tid vil vi alle ha, men vi får gjøre det vi kan og ikke sette så store krav.
Imponerende mengde med frøsådd på trappen, det blir det mange planter av...

Eling sa...

Flaks for deg at du ikkje kan være med på loppemarknaden - sidan du ikkje skal kjøpe meir i år, meinar eg...(akkurat det trur eg no ikkje heilt på :) )
Sunnfjord hotell ligg no forresten ikkje så veldig langt frå Falkenstein gartneri - var det ikkje så at du skulle hatt deg ein tur dit? *erte* *erte*