Ellers har eg planta litt hosta, og ein nyinkjøpt ligularia, samt ein crocosmia som har teke seg ut i potte i sommar. Nå var det på tide å la den få kome i jorda før det blir kaldt. Det er Lucifer - chiliraud! Kjempefin.
Nå prøver eg å laste opp fleire bilder, men får det ikkje til - kvifor det da? Hadde eit bilde av lasset med skvallerkålrøtter, rimeleg oppsiktsvekkande mykje. Må eg lage nytt inlegg for å få inn fleire bilder eller? Uansett så ser de blomstrande saker frå hagen min akkurat nå: Helenium autumnale "New Hybrids" sådd i fjor, ein rosa kattehale kjøpt hos Nautesund som har blomstra uendeleg lenge, og som står oppreist! Blad av cyclamen hederifolium , knollar kjøpt i London i mars, nå planta i Lundhagen og to stk. haustanemoner kjøpt i fjor og plassert i lundhagen. Veldig fine, og tenk når dei blir enda større! I kveld skal eg ut med TPT, altså turdamegjengen. Gleder meg! Ha ein fin laurdagskveld!
7 kommentarer:
crocosmia e nydelig. Eg har ein oransje variant.
Dei er heldigvis herdige på våre kantar :-)
Eg var vist litt anonym i forrige innlegg, men det var eg ;-)
Håpar du får bukt med skvallerkålen din, det er ei svinemakt å ha i hagen.
Eg har den mest langs murkanten mot naboen, og der driv eg og prøvar ut andre innvaderande plantar.
Til neste år skal eg feks så rosestorkenebb :-)
Mine cyclamen hederifolium blomstrer nå. Jeg kjøpte de i fra eurobulb i vår. De er så nydelige de små blomstene. Håper du får blomster på dine :)
Crocosmia er kjempefine. Eg skal ha tre ulike nå, også ein orange, men ein har ikkje blomstra enda. Bra dei er herdige, ja. Eg har alt for mange som må inn. det er i grunnen irriterande (mykje)arbeid å drive med.
Eg håper mine cyclamen overlever vinteren og kjem med blomster neste haust. Er dei altså herdige hos deg?
http://www.cyclamen.org/hederif.htm
Klarer ikke å legge inn link - men i følge dette faktablad så tåler cyclamen hederifolium ned til -28 C
http://www.cyclamen.org/hederif.htm
Ja, tåler dei -28 da går det nok bra. Har vel ikkje vore så kaldt her sia første verdenskrig eller noko sånt.
Legg inn en kommentar