torsdag 25. september 2008

Fridag i Lundhagen














I dag har eg endeleg fått gått over og luka skikkeleg i Lundhagen. Det trengtes. Eg har faktisk greid å bli kvitt enorme mengder med skvallerkål i dette feltet, men nå strever eg med ein annan luring som er litt for ivrig: småhjerte (Dicentra formosa). Det skal innrømmast at eg har vore glad for å ha dei, for dei har absolutt gitt skvallerkålen konkurranse, og er fine å sjå på i alle fall på forsommar og vår. Men det får da vere grenser, eg har ikkje lyst til å ha småhjerte over alt heller! Eg har spart igjen eit par felt, og plantar inn ein god alliert: sildre! Eg likar sildre. Dei er fine i fasongen, dei har frisk grønnfarge, dei sprer seg passe fort og er lette å luke, og dei blomstrar med dei mest luftige, lysrosa fine blomsterslør du kan tenke deg, som står lenge. Dei lagar så tette tepper med rosettar at det meste av ugras får problem. Dei kan også vekse i skugge, og det må dei eg planta i dag finne seg i. Eg har også renska øverst i feltet, som er ganske bratt. Der er det i tillegg til skugge, også knusktørt! Der skal rosegeraniumen få herje fritt! Har spadd opp dei som hadde gått amok i det bedet som eg trur må bli steinbed. Der vil eg heretter ha nusselege, låge pute- og tuedannande stauder som vil ha det tørt. Det bedet mistar eg stadig kontrollen over, og det er eg lei. Er dessutan fint å kunne sjå bergknausen bak bedet, og det kan ein jo om plantane er låge.
Planta inn ein bunndekker til i lundhagen i dag: den du ser på bildet over. Eg anar ikkje kva den heiter, nokon som veit?
Flytta også omsider Lythrum salicaria "Blush" (lysrosa), den har stått i eit ventebed og blomstra fantastisk i heile sommar. Det er ei plante eg verkeleg er glad i. Nå kom den endeleg på ein skikkeleg plass, ved sida av sambucus "Black Beauty" som har dobla størrelsen sin i sommar. Når eg så får flytta den irriterande soleiebusken (Kerria japonika), så blir det bra.
Jo, dette har vore ein bra dag!

3 kommentarer:

Berit sa...

Jeg har skyggesildre i et av rosebeda mine, den dekker flott og blomstrer før rosene. Perfekt!
Men jeg liker småhjerte også, hehe. Og purpurjonsokkoll, der har heller ikke ugraset store sjansen.

Herdis sa...

Småhjerte er greie dei, men ikkje når det blir berre det. Jonsokkoll var eit godt tips, eg må ha ein del bunndekke på vanskelege stader i lundhagen. Den sprer seg i alle fall veldig fort.

Anonym sa...

Oisann! Her har du virkelig gjordt eit godt stykke arbeid, Herdis! Her var det stor forandring sidan eg såg det sist. Kjempeflott!!

God helg!