Har denne helga henta eit hengarlass med den finaste, svarte og formulda hestemøkk du kan tenke deg. Eg hadde fått lovnad på møkk hos ei eg kjenner i Hennebygda, og fekk i går med meg mannen på den betingelsen at han skulle sleppe å ha nærkontakt med materien. Han stilte opp som sjåfør, løftemannskap og sekkeleverandør (sekker bereikna på brukte ventilasjonsfilter er perfekte til å frakte møkk i!) Møkka var truleg eit år gamal, og hadde vore oppbevart under tak. Eg fekk også med meg ein sekk med hønemøkk. Den er fersk, og bør vel brukast med måte, da den sikkert er sterk? Hestemøkka var luktaus omtrent, og hadde same konsistens som sånn kukompost du kjøper i sekker. Nå skal det da bli fart på grønnsaksdyrkinga mi tenker eg!
Ellers har eg endeleg fått somla meg til å plante om agurkplantene mine, og ei av tomatplantene. Mannen min monterte eit lysrør under det dørbladet eg har som benk på eine veggen i planterommet. Nå blir det lys i to etasjer der inne, og plass til litt meir. Eg slit med plassmangel for tida, og blir nesten motlaus over kor mange slag sommarblomster og grønnsaker eg hadde tenkt å forkultivere, men som eg ikkje har plass til! I morra må eg få tak i rør, og så er det klart for ompotting av dei siste tomatane også. Agurkplantene mine er ganske små, for dei har stått for lenge i 7 cm. potter, likevel blomstrar dei! Nå skal dei få betre stell, eg lovar.
I dag har eg endeleg byrja på den møysommeleg prosessen å spa opp, dele, flytte og ikkje minst SORTERE stauder! Med sortere meiner eg ta stilling til kven som skal stå i lag, kva som blir fint, kva som blomstrar når og med kva slags farge etc. Til nå har eg berre stappa ting i jorda for å sjå korleis dei vart..... Å du og du for ein jobb for meg som ikkje er så planmessig av meg, og som likar alle slags plantar i alle slags fargar... Må vere enklare for dei som konsekvent ikkje skaffar seg noko anna enn rosa/burgunder/kvitt, og resolutt lar alt gult og orange vandre til det hinsidige (=komposten). (eeehhhhm; eg dristar meg også til å seie: kjedelegare......hysssj...).
Det eg gjekk laus på aller først var to store røtter med hagemarikåpe (Alchemilla mollis). Alt i fjor såg eg at dei var nær ved å kvele den eine peonen min. Peon likar ikkje andre vekster over seg. Røttene var store, og begge vart delt i fire med sag! Eg planta fem langs den komande hagegangen min, under rododendronen. Dei tre siste også langs hagegangen, men litt lenger bort. Det løsna også fleire rosettar med rotanlegg, og dei planta eg i potter til bruk på planteloppemarknaden til hagelaget. Dette er i alle fall ei plante eg ville ønska meg til hagen min om eg hadde ny hage, eller berre ikkje hadde den frå før. Fortrenger elegant skvallerkål og innpåslitne grasrøtter!
Eg har også starta anlegginga av eit "kvitt bed" under syrinen, i den våte delen av hagen. Hit flytta eg nokre kvite kuleprimula (Primula denticulata), to kvite japanprimula (Primula japonica), ein hosta med kvite kantar på blada (vart delt, viste seg at den var direkte enorm under jorda, kjemperot!!), ein nusseleg sak som eg trur heiter "knollhestehavre"?? (Arrhenatherum bulbosum variegatum). Den skal like skygge, men eg er usikker på kor fuktig den vil ha det. Vel, vi får sjå. Det går som oftast betre enn ein trur, mange planter som har ord på seg for å ville ha det slik eller slik, kan også klare seg fint om dei ikkje har det heilt optimalt. Så gauv eg laus på ein sjølvsådd fjellflokk (Polemonium). Den stod håplaus feilplassert i fjor sommar, men blomstra og blomstra og blomstra så fint! Eg orka ikkje gå laus på det stoooore puslespelet da, så nå tok eg altså sjansen på å spa den opp sjølv om den stod med knuppar. Da ser eg i det minste forskjell på dei blå og dei kvite, for eg ville ha berre kvite i det kvite bedet mitt sjølvsagt! Følte meg ein smule brutal, for den var slett ikkje lett å dele på ein "human" måte. Til slutt fekk eg laus tre kvite og sette i det som sagt fuktige bedet. At eg innbiller meg at Fjellflokk vil ha det litt tørt lot eg som eg gløymte. Den blir fin der, om den berre ikkje tok skade av herjinga mi i dag. Dei "kvite duppene" skal også dit, men den tør eg ikkje røre før den er avblomstra. Nå står den så fin i ein ventekarm og blomstrar. Søt!
Så kom eg på at eg skal flytte Brunnera "Looking glass" ned dit, Den blir nå litt svidd av sola der den står, og eg ser for meg at den blir kjempefin med reint kvite-og-grønne omgivnader. Dessverre trur eg nok at eg får litt lappeteppe-effekt i dette bedet også, som vanleg. Trur nå eg har forstått at fleire plantar av same sort er lurt.... men det er så vanskeleg å velge vekk nokon!! Plasskrevande å vere estetikar dessverre.
Eg har også omnsider fått dekt med aviser under den tredje søtmispelen oppe ved kjøkkenhagen, og dekt med bork. Nå ser det ryddig og fint ut, og eg håper veldig at dei skyt i været i år. Dei skal bli 2-3 meter står det på lappen, men til nå har dei berre kome seg om lag ein meter over bakken. Dei står rett nok på ein litt skrinn plass, men eg trur ikkje dette er busker som stiller så store krav. Den som har stått med kveke heilt innpå seg var uansett minst, men han fekk ei nistepakke av hestemøkk med seg under avisdekket. Sommaren 2009 kan berre kome.
Neste punkt på "hastelista" er å ordne kjøkkenhagen, og så grave ned slange så eg får vatna der oppe. Det er ein stooor jobb, for eg skal grave opp ein del torv, få ned møkka, og lage gangar med aviser/bork. Heldigvis er det meldt fint vær uti veka. Berre så fortærande med 17. mai midt oppi alt saman, og så ein søndag!
Uansett: ønsker dei få som har orka å lese heilt hit ei flott veke...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etiketter
- acer (1)
- akeleier (1)
- allium (3)
- asparges (1)
- august (1)
- aviser (2)
- basilicum (1)
- bilder (2)
- bloggteknisk (2)
- blomstring (10)
- Busker (1)
- busknellik (1)
- clivia (2)
- cottage garden (1)
- dokumentasjon (1)
- drivhus (1)
- duftplantar (1)
- englandstur12 (2)
- ferie (5)
- forumtreff (1)
- frø (1)
- frøbestilling (1)
- frøliste (5)
- fuchsia (1)
- hage (14)
- hagearrangement (2)
- hagelagsarrangement (4)
- hagelagsmøte (1)
- hagepause (1)
- haust (6)
- Herdishagen (1)
- hippeastrum (14)
- iris (3)
- jul (2)
- juli (3)
- kjøkkenhage (10)
- klematis (2)
- kvardagshendingar (5)
- liljer (1)
- lopud (3)
- mat (1)
- merkedag (1)
- muring (1)
- nyttår (1)
- pelargonium (1)
- peonar (2)
- plantebestilling (1)
- planteliste (10)
- pris (2)
- prosjekt (6)
- rekordar (1)
- sol (2)
- somling (1)
- sommarblomster (13)
- sommerblomster (1)
- spiring (9)
- stauder (14)
- stiklingar (1)
- surjordsplante (1)
- såing (11)
- såliste (16)
- tenerife (1)
- tomatar (1)
- toårige (1)
- trepeon (3)
- urtesalt (2)
- Utepeis (1)
- utfordring (1)
- utøy (2)
- vår (2)
- vårlauk (1)
9 kommentarer:
Håper du får flott hagevær, slik at du rekker alt, du har litt av en jobb foran deg ja.:)
Det kvite bedet ditt vert nok vakkert.
Betre hageveir kjem vel med no etter all nedbøren vi har hatt dei siste dagane.
God hageveke til deg. :)
Hehe, du kan ta pusten fra hvem som helst! Og vi har ikke akkurat hatt hagevær i det siste! Det blir sikkert fint til slutt. Klokt å sortere litt etter farger. Det blir mye roligere tror jeg. Jeg er så lite flink til sånt! Kommende uke skal visst bli mye bedre værmessig! Fra onsdag var det stor sol over vestlandet! Lykke til med dine hageprosjekter!
Skal si du står på! Var det ikke du som klaga over orken? Men det er kanskje som med meg: Denslags gjelder ikke i hagen. Når en bare kommer seg ut og i gang er det vanskelig å gi seg!
Du store allverden så mye du har fått gjort, jeg er både imponert og sjokkskadd, her råder hagelatskapen for tiden...
Plantepuslespill er jammen ikke alltid lett å få til, jeg trodde jeg skulle få litt mere orden på farger, høyder og blomstringstid i fjor men har helt gitt opp. Plantene her vokser ikke "etter oppskriften" likevel så det får bli som det blir.
Lykke til med omplantingene, det blir sikkert flott!
Kos deg i hagen og ha en fin uke! :)
Ei arbeidsøkt av de store, høres det ut for. Lappeteppebed er flotte de, synes jeg. Det er alltid noe spennende å finne i dem.
Hestegjødselen er mild - nesten som rik jordforbedring å regne når den er årsgammel. Obs - det kan være gressfrø i den. Fersk hønsegjødsel er som fullgjødsel å regne. Bruk ikke mer enn 3-4 spadefuller på en trillebår jord. Bland godt.
Veldig fin til kåldyrking hønsegjødsel. Den er nitrogenrik - og er det fra verpehøns så er det også mye kalk i den.
Eg ga vekk nokre busker til det nye hestesenteret her, og fekk tilbud om hestemøkk i retur. Dei bruker ikkje flis, men torv til strø, så den er sikkert bra.Men kanskje litt fersk i år, så eg trur eg venter til høsten kanskje. Utrulig kor effektiv du har vært i drittværet, kjenner meg godt igjen i staudeblandinga, ja. :-D
Føler ikkje sjølv at eg har gjort så veldig masse, kanskje fordi det er så masse som står att. Dessutan går det av seg sjølv når ein berre får begynt ja, Berit. Takk for info om styrken på møkka. Eg hadde vel håpa at det var litt meir futt i den, men uansett er den god for jorda, og ein har da fullgjødsel.... Nå skal det bli herleg å få gå i gang igjen, berre det blir litt fri og sol!
Ja blir ikkje det futt i hagen din i år, så forstår ikkje eg :)
Eg synest det virkar som om du har ein god plan, tenker det blir flott når du er ferdig med flyttinga (...eller blir ein ferdig med å flytte plantar???)
Ha ei god veke du også!
Legg inn en kommentar