Nå blomstrar også dette bedet, sjølv om bildet er frå i fjor. Dei er enda frodigare i år, og i knallfargar så det forslår. Resten av dette digre bedet i full sol består av diverse malurt, gul tagetes (Tenuifolia og "Favourite Red") lysegul Gåseblom, marikåpe, ildraude heuchera-blomster samt cephalaria gigantea, og diverse lilla i form av prydsvinerot, graslauk, salvie og revebjeller (ville). Eg LIKAR desse fargane, og har bestemt meg for at bedet skal få vere slik, med små justeringar.
Her er bedet i år, teke for nokre dagar sidan. (forstår ikkje kvifor dette bildet ikkje er klikkbart slik som dei andre..??)Ellers har eg hatt eit par maratondagar ute, med planting, bæring, luking, klipping og eg veit ikkje kva. Eg har brukt seks sekkar med jord, men kan nesten ikkje greie å gjenkalle kva dei har blitt brukt til. Jo, sjølvsagt: det går litt jord i to murarbaljer. Eg har endeleg fått bestemt meg for kva eg skulle gjere med tomatplantene mine.... Dei har stått på planterommet til nå, lange og ulenkelege. Eg er dårleg på oppbinding og slikt... I dag fekk dei kome ut, to vart "slakta", dei var så tuslete og med så skjøre greiner at dei knakk for eit godt ord. Dei som overlevde ("Subarctic plenty" for det meste), havna i to murarbaljer, med leca i botnen, og med egenhendig drilla hol litt opp på sidene. Over desse står eit "stativ" av aluminiumsbeina på eit utebord som vinden tok i fjor. Eg har knytt fast to bambuskjeppar der bordplata var, og så har eg festa tomatgreinene på desse. Over heile stasen har eg lagt fiberduk, godt festa.... Går dette bra så er det eit under. Eg er elendig på tomatdyrking!
Etter at eg hadde planta ut dei ller, aller siste småplantene kom faktisk regnet! Det var så herleg med skikkeleg nedbør omsider, det er så tørt her at jorda er som oske.. Da vart eg spart for litt vatning, noko som var kjærkomment til de grader. RESTEN av sommaren skal eg berre kose meg, trur eg.
4 kommentarer:
Fargerikt og flott i beda dine.
Regn har vi fått her også, og det gjorde godt for det var tørt nedi jorda.
Plantene og vassarven stortrivst med regnet, ein del av rosene ser ut som våte vaskeklutar og andre ser ut til å tåle regn på blomane veldig godt.
Tomatdyrking har eg ikkje fått dreisen på så det har eg gitt opp.
Ha ein fortsatt fin sommar:)
Nydelig blomsterbed med vakre farger :)
Åh! Her var det nydelige liljer. Den rosaprikkete hva heter den?
Heisann!
Svært så stille det har vært på bloggen din siste tiden, det har jo igrunn ikke vær for hageaktiviteter på lenge, men likevel...
Håper du har det bra!
Klemmm fra Trude
Legg inn en kommentar