Som alltid om seinhausten, når det er uigjenkalleleg slutt på dei grønne gledene utadørs, får eg ein sterk trang til å sjå grønne spirer. Det er berre det at dette er ei fullstendig feil årstid å så på... Eg løyser problemet med å så pelargonium, som likar varm inneluft berre dei får nok lys, og pusle med hippeastrumane som snart skal blomstre. Hippene skal gjødslast og vatnast passe mykje heilt til dei skal starte på den kjølege vintersøvnen sin, rett nok med grønne fine blad, men likevel. Dei står i kjellervinduet og er sannsynlegvis opptekne med nokre usynlege, mystiske prosessar inni laukane sine, som handlar om å lage blomsteremner! Der skal dei stå i seks til åtte veker, i ein temperatur på under tretten grader helst. Så kan dei etter kvart takast opp i varmen og få ny jord og litt vatn, for å blomstre. Gleder meg til dette, midt i mørketida:-)))
Pellisfrøa eg har sådd er av to ville artar: pelargonium capitatum og pelargonium alchemilloides Dei har venta eit par år på kome i jorda da, men eg får tru dei vil spire likevel. Gjer dei ikkje det får eg finne noko anna å så......
Dessutan har eg prøvesådd nokre basilicumfrø som havna i ei lomme i haustferien. Spiring etter to dagar. Herleg!
Ynskjer alle ei fin helg!
PS. Etter ei natt på badegolvet er det alt to spirer av alchemilloidesen:-)
fredag 22. oktober 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etiketter
- acer (1)
- akeleier (1)
- allium (3)
- asparges (1)
- august (1)
- aviser (2)
- basilicum (1)
- bilder (2)
- bloggteknisk (2)
- blomstring (10)
- Busker (1)
- busknellik (1)
- clivia (2)
- cottage garden (1)
- dokumentasjon (1)
- drivhus (1)
- duftplantar (1)
- englandstur12 (2)
- ferie (5)
- forumtreff (1)
- frø (1)
- frøbestilling (1)
- frøliste (5)
- fuchsia (1)
- hage (14)
- hagearrangement (2)
- hagelagsarrangement (4)
- hagelagsmøte (1)
- hagepause (1)
- haust (6)
- Herdishagen (1)
- hippeastrum (14)
- iris (3)
- jul (2)
- juli (3)
- kjøkkenhage (10)
- klematis (2)
- kvardagshendingar (5)
- liljer (1)
- lopud (3)
- mat (1)
- merkedag (1)
- muring (1)
- nyttår (1)
- pelargonium (1)
- peonar (2)
- plantebestilling (1)
- planteliste (10)
- pris (2)
- prosjekt (6)
- rekordar (1)
- sol (2)
- somling (1)
- sommarblomster (13)
- sommerblomster (1)
- spiring (9)
- stauder (14)
- stiklingar (1)
- surjordsplante (1)
- såing (11)
- såliste (16)
- tenerife (1)
- tomatar (1)
- toårige (1)
- trepeon (3)
- urtesalt (2)
- Utepeis (1)
- utfordring (1)
- utøy (2)
- vår (2)
- vårlauk (1)
5 kommentarer:
Gratulere med vel overstått 50 års dag!
Grønne spirer og inneplanter er hyggelig syssel på denne tiden av året. Jeg kikker etter knupper på mine novemberkaktus...
Lykke til med spiring av pelagonene og pass av hippene!
Takk for det, sjølv om eg ikkje har "dag" før i desember. Har teke det litt på forskudd, i romjula er det ganske begrensa kva ein kan få gjort. Ja, grønne spirer er heilt nødvendig det på denne tida,-)
Hippene mine står foreløpig lyst og kjølig, men jeg er litt urolig for dem, jorda er for fuktig til at jeg tør stole på at de ikke råtner. Noen gode råd fra eksperthold?
Var dei våte da du tok dei inn, kanskje? Mine har også vore det av og til, men det har gått bra. Eg har berre latt dei stå til dei tørka opp av seg sjølv. Du kan jo ta dei ut av pottene og sette jordklumpen på aviser ei natt, om du er veldig bekymra?
Ja, de var våte da jeg tok dem inn. Sløvt! Skal prøve avispapirmetoden, takk for tips!
Legg inn en kommentar