Nokre reiselystne eldsjeler frå Hageselskapet Sogn og Fjordane inviterte til hagetur til England i mai for å besøke nokre av dei aller mest berømte hagane i denne hagekulturens høgborg som England jo er. Turen hadde stort sett eitt mål for auge: å få så mykje hageoppleving ut av dagane som råd. Det tilbodet sto eg ikkje for, men meldte meg på straks. Eg angrar ikkje! Det vart ei kjempeoppleving frå start til slutt, og i tillegg var vi uvanleg heldige med været... Ein STOR takk til Gro og Margit som tok på seg arbeidet med og ansvaret for turen. De gjorde ein kjempejobb!
Her kjem ein haug med bilder. Desse er tekne i Wisley gardens, som er det engelske hageselskapet sitt "flaggskip" av ein praktpark. Her finn du mellom anna enorme staudebed, rosehage, alpinhage, veksthus, dammar, woodlandparti, kjøkkenhage og så vidare. Her testar dei ut nye sortar hageplantar og dyrkingsteknikkar. Eg ser at eg har teke enormt med bilder herifrå, og her kjem eit utval:
Randi ved inngangspartiet på Wisley. Vi måtte vente litt før vi kunne gå inn. Ungar på julekvelden er vel det næraste ein kjem i samanlikning!
Vi kjørte rundt i ein liten buss vi hadde leigd, Det var veldig praktsk og greit. Over ser ein såvidt den blå bussen, bak den himmelblå buska som vi såg mange plassar, men som eg ikkje veit kva er.
Noko av det første vi såg var denne vakre muren beplanta med lewisia og andre tørketålande vekster.
Eit lite trepeon-galleri. Eg er svak for alle slags peonar, men spesielt trepeonar, og vi kom midt i blomstringstida for desse.
Wisteria (Blåregn) var det også sesong for i slutten av mai, og eg oppdaga kor nydeleg det luktar av dei. Har aldri vore på så nært hald før nemleg....
Det var nydelege sampalntingar av både farge og form kvar ein snudde seg. Nesten overveldande!
Norske bønder får nok bakoversveis av å få sjå denne smørblomstenga - midt i den verdsberømte hagen! Engelskmennene er glade i og veldig opptekne av natur, og det ville og naturlege uttrykket. Dei set av slike små område innimellom alt det friserte og temte, for at ein verkeleg skal få sjå og oppdage det vakre i det kvardagslege kanskje? I alle fall kvardagsleg for oss vestlendingar, om enn ikkje for ein Londonbuar...
Flotte motiv over alt.... Romkameraten min Randi tok masse bilder, og har også blogga om turen. Les gjerne den også, for vi har garantert knipsa og lagt merke til ulike ting.
Det var mykje dammar og sumpområde, med enorme eksemplar av gunnera og lysichiton mellom anna. Synd eg ikkje har klart å få fram størrelsen på desse plantane. Dei er ikkje berre store, dei er gigantiske! Lurer på om desse sortane er spesielt store. Knipsa navneskilta så eg skulle hugse kva dei heitte.
Treet over er eit bartre med hengande vekst. Det var nok nokre år gamalt, og det hadde laga seg ei slags hytte inni der...
Ser ut til at det får bli ein Wisley del II også:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etiketter
- acer (1)
- akeleier (1)
- allium (3)
- asparges (1)
- august (1)
- aviser (2)
- basilicum (1)
- bilder (2)
- bloggteknisk (2)
- blomstring (10)
- Busker (1)
- busknellik (1)
- clivia (2)
- cottage garden (1)
- dokumentasjon (1)
- drivhus (1)
- duftplantar (1)
- englandstur12 (2)
- ferie (5)
- forumtreff (1)
- frø (1)
- frøbestilling (1)
- frøliste (5)
- fuchsia (1)
- hage (14)
- hagearrangement (2)
- hagelagsarrangement (4)
- hagelagsmøte (1)
- hagepause (1)
- haust (6)
- Herdishagen (1)
- hippeastrum (14)
- iris (3)
- jul (2)
- juli (3)
- kjøkkenhage (10)
- klematis (2)
- kvardagshendingar (5)
- liljer (1)
- lopud (3)
- mat (1)
- merkedag (1)
- muring (1)
- nyttår (1)
- pelargonium (1)
- peonar (2)
- plantebestilling (1)
- planteliste (10)
- pris (2)
- prosjekt (6)
- rekordar (1)
- sol (2)
- somling (1)
- sommarblomster (13)
- sommerblomster (1)
- spiring (9)
- stauder (14)
- stiklingar (1)
- surjordsplante (1)
- såing (11)
- såliste (16)
- tenerife (1)
- tomatar (1)
- toårige (1)
- trepeon (3)
- urtesalt (2)
- Utepeis (1)
- utfordring (1)
- utøy (2)
- vår (2)
- vårlauk (1)
3 kommentarer:
Takk for eit lite glimt av det dåkke fekk oppleve på hageturen til England. Engelskmennene kan det med hagekultur. :)
Hit skulle vi hatt oss ein tur minst ein gong pr månad.
Flotte bilder Herdis. :-)Kjekt å sjå andre sine bilder også.
Legg inn en kommentar