tirsdag 17. november 2009

Sjuk Cherie treng trøst....

Er sjuk i dag, og sit heime og glor. Da er ikkje vegen lang til hippene hos Zimtrade.....

har bestilt:


Ellers har eg fått ein ubehageleg følelse av at Eid Hagelag sitt julemøte om ei veke kanskje har litt lite program. I år fekk vi ikkje tak i nokon til å lage/demonstrere juledekorasjonar. Det har brukt å vere populært, og mange vil nok sakne det. Vi skal ha bildekavalkade frå alle hagevandringane siste året, og det trur eg blir bra, men skulle vi hatt litt meir?

Ideen som kom til meg i grålysinga i dag var å lage power-point-foredrag om - ja du kan vel gjette det?

HIPPEASTRUM!

At det ikkje "berre er ein juleblomst, raud eller kvit", korleis stelle den for å få blomst på nytt og ikkje minst: mange fiiiine bilder! Akkurat det har eg litt av liggande, så nå er det berre om å gjere å få det til.

Ellers har eg det stort sett berre bra;-)



søndag 15. november 2009

Rødbetesuppe (borsjtsj) med produkt frå hagen

I går laga eg ei vanvittig god rødbetesuppe. At eg kunne putte oppi diverse saker frå eigen hage, gjorde at den kvalifiserer til publisering på hagebloggen. Russisk rødbetesuppe heiter "borsjtsj", men uttalen er eg noko usikker på. "Bortsj" eller noko slikt? Eg brukar altså den rutete kokeboka til Ingrid Espelid som inspirasjonskjelde. Den er best, i dei fleste samanhengar. Beste kokeboka eg har i huset i alle fall.

Det står om suppa at "Dette er en russisk suppe som også blir brukt mye i Polen". At eg hadde ståande eit glas med noko flytande, raudt oppi som truleg var (berre polsk tekst) konsentrert rødbetesuppebasis, kjøpt i Polen tidlegare i haust, gjorde nok til at suppa fekk ein ekstra schwung.

BORSJTSJ
Basisen er kjøttkraft kokt på storfe. 2 liter?

Du kuttar opp litt kvitkål, sellerirot og purre og freser det i smør i ei gryte. Rødbetene skal skrellast og skjærast i små terningar. Eg måtte kjøpe, da dei eg sådde ikkje vart noko av, men kanskje det går betre neste år? Eg hadde ikkje i poteter, lauk og knuste hermetiske tomatar, men det står det at ein skal i Espelid-boka. Hadde rikeleg med (eigenprodusert) purre i staden.

Kok opp krafta med dei freste, mjuke grønnsakene og rødbetene. Rødbetene treng litt tid på å bli møre, ca. 20 minutt kanskje? Smak til med ørlitt eddik, timian, heimelaga urtesalt og pepper.

Server med brød, og ha ein klatt creme fraiche i tallerkenen. Eg hadde også oppi kokte kjøttbitar.

fredag 6. november 2009

Hippe-handel i Førde

Har vore ein tur til Førde, og fekk teke ein liten tur innom plantasjen. Ikkje spesielt godt utvalg, men fekk da tak i
-Blushing Bride og
-Razzle Dazzle

Tidlegare i veka kjøpte eg ein Intokazi på Mega her på Eid. Moro å ha nokre blomstergleder å sjå fram til igjen.

Ellers er det travelt på jobb for tida, men eg håper det roar seg ned snart. Må også melde at eg i dag har vaska og rydda i eit kjøkkenskåp. Dette er såpass revolusjonerande at eg veit ikkje enda om det er positivt, eller eit utslag av noko meir alvorleg og underliggande. Eg tullar nå. Sjølvsagt er det positivt, og muligens eit lite signal om at det er håp for denne husmora fortsatt.......

Her er det spådd klarvær og sol, men kaldt, ei veke framover. Da får vi nyte dei siste solstrålane før sola dukkar ned bak fjellet for godt i slutten av månaden.

Eg har planlagt å lage indisk mat i helga, til ære for han far i huset på farsdagen. Skal kose meg med fersk ingefær, chili og haugar av kvitlauk, samt masse krydder!

Ha ei fin helg!

søndag 18. oktober 2009

Litt haging igjen omsider

Endeleg fekk eg rota meg ut i hagen igjen. Ser at det forrige innlegget er frå midten av juli. Nei og nei for ein sløv hage- og bloggeigar. HUFF!!

Rett etter det siste innlegget var skreve reiste vi på ferie. Da hadde det vore tørke ei lang stund, kjempevarmt (slik at underteikna vart sittande dehydrert og slapp i ein krok), samt at eg hadde pådrege meg ALT for mange sommarblomster og andre "ute om sommaren"-planter, og heldt på å jobbe meg i hel med alt som måtte ordnast før vi kunne reise vekk. Neste år skal eg og må eg få til vatning i kjøkkenhagen, og eg skal ikkje ha så mange plantar i potter ute. Er jo muleg å drepe seg på vatning i tørkeperiodar, det er ikkje det mest morosame eg veit i 30 graders varme altså....

I dag har eg pusla litt i kjøkkenhagen, og har teke inn nokre purrar samt alle "gulerøttene" mine. Stor skuffelse at dei ikkje vart noko av, dei fleste var små og kulerunde, såg ut som om dei hadde slutta å vekse nedover ganske tidleg. Kanskje heng det saman med at det var så tørt på våren/forsommaren. Eg vatna ikkje godt nok, det er eg klar over. Rødbetene vart det heller ikkje noko av, men der trur eg ein diger lønn rett ved har skulda. Den skal vekk så fort det blir ei lita skorpe med tele i bakken. Ser for meg at eit av valnøtt-trea kan få stå der i staden.

Den grusomme hausten vi har hatt må også nevnast, for etter at vi kom heim frå sommarferie uti august har det regna i eitt.

I dag har det faktisk vore fint, sol på stueveggen nå. Fårikålgryta står og putrar, og snart får vi middagsbesøk. Håper hagegløden tek seg oppatt, for eit liv utan hagegalskap er knapt noko liv.

Ha ein fin søndag!

søndag 12. juli 2009

Nydeleg, mildt sommarregn - endeleg kom det!

Nå blomstrar liljene. Denne vesle, sjarmerande saken står så feilplassert som det går an, men den er kjempesøt med fregnene sine. I år må det da vel bli ein mulighet til å få flytta den etter blomstringa er over.

Nå blomstrar også dette bedet, sjølv om bildet er frå i fjor. Dei er enda frodigare i år, og i knallfargar så det forslår. Resten av dette digre bedet i full sol består av diverse malurt, gul tagetes (Tenuifolia og "Favourite Red") lysegul Gåseblom, marikåpe, ildraude heuchera-blomster samt cephalaria gigantea, og diverse lilla i form av prydsvinerot, graslauk, salvie og revebjeller (ville). Eg LIKAR desse fargane, og har bestemt meg for at bedet skal få vere slik, med små justeringar.
Her er bedet i år, teke for nokre dagar sidan. (forstår ikkje kvifor dette bildet ikkje er klikkbart slik som dei andre..??)

Ellers har eg hatt eit par maratondagar ute, med planting, bæring, luking, klipping og eg veit ikkje kva. Eg har brukt seks sekkar med jord, men kan nesten ikkje greie å gjenkalle kva dei har blitt brukt til. Jo, sjølvsagt: det går litt jord i to murarbaljer. Eg har endeleg fått bestemt meg for kva eg skulle gjere med tomatplantene mine.... Dei har stått på planterommet til nå, lange og ulenkelege. Eg er dårleg på oppbinding og slikt... I dag fekk dei kome ut, to vart "slakta", dei var så tuslete og med så skjøre greiner at dei knakk for eit godt ord. Dei som overlevde ("Subarctic plenty" for det meste), havna i to murarbaljer, med leca i botnen, og med egenhendig drilla hol litt opp på sidene. Over desse står eit "stativ" av aluminiumsbeina på eit utebord som vinden tok i fjor. Eg har knytt fast to bambuskjeppar der bordplata var, og så har eg festa tomatgreinene på desse. Over heile stasen har eg lagt fiberduk, godt festa.... Går dette bra så er det eit under. Eg er elendig på tomatdyrking!


Etter at eg hadde planta ut dei ller, aller siste småplantene kom faktisk regnet! Det var så herleg med skikkeleg nedbør omsider, det er så tørt her at jorda er som oske.. Da vart eg spart for litt vatning, noko som var kjærkomment til de grader. RESTEN av sommaren skal eg berre kose meg, trur eg.


søndag 5. juli 2009

Iris ensata - endeleg

Iris ensata "Gracieuse" i knupp over. Veldig flott med det spiralmønsteret!Her er den fullt utsprungne blomsten. Vakker! Det er Gracieuse, ingen tvil nå. To knuppar har åpna seg og tre til er på gang. Eg skal ha meg fleire japanske iris!
Ellers må eg berre ta med bilde av eucalyptusen min. Såg nemleg eit program med Monty Don på NRK i dag, og han var i Australia og New Zealand. Han beundra nokre flotte, kvitstamma eucalyptustre, og eg kom på at eg falt fullstendig for eucalyptustrea i Kew Gardens. Men eg har eit par sjølv, dei har faktisk overlevd ute i vinter. Nå har eg planta det eine i potte, for eg såg kor stort treet til hagevennina mi hadde blitt. Ho overvintra nemleg sitt i potte inne i vinter, og vi fekk dei samtidig. Prøver garasjen tenker eg. Blir uansett litt lunare enn ute, og dei overlever jo der...
Ein veldig fin og spesiell Delphinium med nesten svarte knuppar (navn...?), fått av Marosa for to år sidan. Den har eg bestemt at skal bytte plass med den kjempestore kvite ved plattingen, høver betre med denne halvhøge ved sitteplassen, og så får vi beundre den oftare. Sjå, den er kvit inni.... !


NÅ blomstrar denne giganten for første gong! Sådd sjølv, av frø frå RandiF, ei spire - nå ein gigant. Nesten like høg som meg i år, noko mindre i fjor men med tydeleg potensiale alt da.... Eg likar sånne gigantar. Imponerande vekstkraft, og gir ein frodig, jungelaktig effekt.
Ellers har eg plukka hylleblomster og sett saft. Står i kjelleren i 10-litersgryta mi. Nå må eg for all del ikkje gløyme den....

torsdag 2. juli 2009

Iris ensata - spenninga stig......!!!

I dag tidleg såg eg såvidt i noko blått og kvitt ytterst på den eine knuppen av Iris ensata, ser faktisk ut som om det ER "Gracieuse" eg har fått. Den blir også kalt japansk iris. Den likar sur, fuktig jord, og står midt i surjordsbedet mitt. Eg fekk den gjennom Eurobulb-importen i 07, og den skal nå blomstre for første gong. Bilde og rapport følger!