torsdag 30. oktober 2008

Ingen veg tilbake

Nå er det haust, nesten vinter. Dei siste solstrålene i hagen vår før den forsvinn bak fjellet vart foreviga i dag.



Dette er "isbenken" under kristtornen. Lite innbydande å sitte her med kroneisen sin nå for tida.

Her har det skjedd noko dramatisk. Restar etter den store hippemassakren i går....
Bladlaus i vintersola. Drøymer sikkert om vårsol og fuglesang, tenker eg;-)

onsdag 29. oktober 2008

Vinterblomstringa redda i siste liten!

I dag har eg avspasert nokre timar, og har endeleg fått i hus hippelaukane mine, samt dahlia, fuchsia og pellis. Absolutt i siste liten, eg var rimeleg nervøs da eg grov opp den første hippelauken. Har altså vore nede i 2-3 minus her i natt...

Det såg ut til å ha gått bra! Var ei skorpe med frosen jord på toppen, men mjukt og fint under. Laukane såg slett ikkje verst ut, så nå er eg letta!

Været akkurat nå er forresten fint, med sol og bittelitt rim/snø på bakken. Skulle egentleg ha vore heime og kost meg med dei siste soltrålene for i år i staden for å traske på jobb.

Er billaus for tida, etter å ha kjørt til Stadt med "nybilen" til mannen i går. Det starta med ein liten bankelyd først, men skramla og skalv så fælt da eg var framme at den berre måtte settast att på næraste verkstad. I dag fekk eg beskjed om at høgre framhjul var så laust at om eg hadde kjørt ein kilometer til hadde det ramla av.

Er fotgjengar i dag, eg.

onsdag 22. oktober 2008

Kupping av Hagelaget?

I kveld har eg vore på årsmøte i Eid hagelag. Da møtet var slutt og kaffekannene tomme såg styret slik ut:
Leiar: Cherie
Sekretær: ElinG
Styremedlem: hajal
pluss to til sjølvsagt.....

Dette ser formeleg ut som eit hagegal-kupp av lokallaget, det.....!

Kva har eg gitt meg ut på nå. Dei trua med at laget vart lagt ned om ingen tok leiarvervet, og så eg som endeleg hadde bestemt meg for å få med meg alle hagevandringane.

Ja, eg skal gjere mitt beste i alle fall, og Elin og hajal er gode folk å ha i teamet, det er sikkert! Vi får la det stå til...

tirsdag 14. oktober 2008

Tulipaner

Førdetur i dag, og lynrask tur innom Plantasjen for å sjå om dei hadde noko eg kan bruke til arbeids/plantebrett på planterommet. Det hadde dei ikkje. Eg kom utatt med eit par skinn hagehanskar, ei (reserve) Fiskars planteskei av raudlakkert metall og treskaft. Det er den beste eg har hatt nokon gong. Nå har eg to, så panikken kan avvergast om den andre skulle bli borte - noko som skjer av og til. Eg fekk også med meg to poser med tulipanlaukar: "Orange Breeze" (orange)og "Jan Reus" (mørk raud). Den første er fosteriana, den andre triumph, utan at eg veit kva som er skilnaden. Tenker eg plantar dei i lag, dei har same blomstringstid.

Eg er trøtt i kveld, så den planlagte filmsjåinga mi trur eg at eg droppar. Kjenner at senga skal bli god snart nå!

søndag 12. oktober 2008

Planterommet er klart til bruk

I dag vart planterommet ferdig, endeleg! Det er ca. 7 kvadratmeter, altså ikkje stort... Men, det er MITT og det er i kjelleren, altså forholdsvis kjøleg heile året.Eg er veldig glad og fornøgd nå, og bacalaoen står og putrar på komfyren...







fredag 10. oktober 2008

Smilies igjen - tek tid dette her

Nå har eg utforska smilie-paden litt betre. Oppdaga at eg måtte gå in på tools, og forum tags, for så å velge HTML-tag når eg skal bruke sm. i innlegg i bloggen. Las og at nokon sa at dei originale smiliane i paden ikkje fungerte, men at det går an å "stjele" sm. frå andre stader ved å dra dei med peikaren over i registeret (altså IKKJE til sm.-feltet slik eg prøvde først). Dette går med dei fleste har eg funne ut, men ikkje med andre som har eit anna opphav (tysk smilie-side m.a.) enn dei vanlege. (Nei, eg forstår ikkje kva dette handlar om, ikkje skikkeleg i alle fall... ) Eg har dermed sletta alle dei opprinnelege smiliane, og lagt inn mine eigne (= tjuvgodset)

Nå drog eg eit rødmande fjes frå paden og bort i teksten min (Står på Rediger HTML, ikkje Skriv) )Blir spennande å sjå om det fungerte nå da

Har kikka nå, og det fungerer! Flott, nå føler eg at eg har kontroll igjen - hmmm, så lenge det varer!

torsdag 9. oktober 2008

Smilies, for ....

Smilies er saken her i dag. Åssen er det ein gjer dette tru.... Må prøve litt her. Har nemleg lasta ned den derre paden....


blomst til meg sjølv:

Paden har eg ikkje funne ut av, men nå har eg limt inn "adresser" frå ei side eg fann (sjå link på "Nettstader eg likar") Det fungerer visst, men er rimeleg tungvint i forhold til dei gode gamle dagbøkene på hagegal.

Prøver ny metode her nå: :-):) .-D :), :D, ;) Forstår ikkje kvar alle dei rare tegna til slutt her komn frå da, men... Ser ut til at noko fungerer i alle fall. Hurra!!:D ;D :))


(nytt forsøk: