søndag 25. januar 2009

"Mappe 6" - hæææ?

"Digital skoeske" kalte Harryford det han har, same systemet her i huset.... Ikkje lett å finne ut kva som vart "bilde 6 i mappe 6" her nei... Tillot meg å hoppe over atskillege bilbilder, dei er ikkje mine og da teller dei truleg ikkje.


Bilde seks, i mappe seks, sånn cirka: teke 15. august 2007, nedanfor huset vårt. Trur det er Nicotiana "Lemon Tree" (i tilfelle fått av ElinG), vanleg rosa haustfloks som var i hagen da vi kjøpte huset, og ei solsikke av frø frå fuglebrettet. I bakgrunnen ser de "Isbenken", som er fin å ete is på i fint vær, under den digre oppstamma, kristtornen. Ved sida av veks "Bronseblad" som eg fått frå mor mi sin hage.


Utfordringa går vidare til:

Primula
Annsi
Orchis
Røsslyng

Var ikkje råd å finne fleire som ikkje alt har fått utfordringa, så langt eg klarte å finne ut. Hadde fleire på lista, men...

-men berre om de orkar og har lyst da! Ikkje føl noko press. Evt. går det kanskje an å finne fram bilde 7 i mappe 7...??

SOL!!!!!!!



SOL inn gjennom stuevinduet i dag!!!

Åååååh så herleg. Ha ein fin søndag alle saman, nå skal eg på skitur.

lørdag 24. januar 2009

Sommarminner

Formen er ikkje 100% her i dag. Sjølvforskyldt denne gongen. Ikkje snakk om å få gjort noko vetugt, så det blir mykje sofa, hageblad og PC... Forfriskane og oppmuntrande å sjå på bilder frå juni/juli i fjor.



fredag 23. januar 2009

Endeleg hippeblomst å vise fram



Nå har omsider Macarena starta blomstringa: Den er fin, har ein laaang stilk, og ikkje blad. Lauken kjøpte eg på Bystasjonen i Bergen i november. Den har stått i kjøleg planterom i fleire veker på grunn av at vi var på Tenerife før jul, men det fungerte bra.


Kjøpte meg ein ny Clivia da eg var i Stryn tirsdag. Den kosta 136 på Coop, og da måtte eg ha den. Tanken var at eg skulle gje den til mor mi, som ikkje har clivia frå før, men etter kvart har eg meir lyst til å ha den på kontoret.... Fin kontorplante i og med at dei tåler tørr luft og skjelden vatning. Eg får sjå, det kan hende det blir dårleg med blomster på kontoret i og med at den vil ha ein kjølegare periode akkurat som hippeastrum. Uansett: eg likar så veldig godt den "mjuke" orange fargen på den vanlege miniataen. Nyyydeleg!

Her ser de eit bilde som viser den flotte, orange fargen på cliviaen. Ikkje noko godt bilde, men fargen kjem fram. Eg tok også med eit bilde av den einaste variegerte cliviaen eg har. I fjor kjøpte eg frø frå Kina, og fleire skulle vere variegerte. Ein var truleg albino, så den døde da næringa i frøet var brukt opp. Den var nyydeleg, lys grønngul; men utan klorofyll - intet liv! Sånn er det i planteverda.... Den eg har att er eg veldig redd for og stolt av. Nå har den fått kome frå planterommet og opp i stua. Den får litt ekstra lys, ellers tenker eg at når februar kjem blir det så mykje naturleg dagslys at eg kan få dei til å vekse litt med å byrje gjødslinga så smått. Må vel nytte sesongen så godt ein kan for å få litt størrelse på desse småtassane. Da blir dei meir robuste og eg slepp å oppleve at dei stryk med, det er så utruleg irriterande. Eg hadde nesten greid å ta livet av ei anna clivia-frøplante med å la den stå i vatn for lenge. Den var i ferd med å råtne i rota, men eg fjerne det verste og sette den ned i jorda igjen og ga den rekonvalesens på planterommet og minimalt med vatn. Har eit visst håp om at den klarar seg, det var heldigvis små rotanlegg på undersida. Det var endatil "Butterball", den einaste gule eg har! Spørsmålet er berre når eg får sjå blomsten...? Får trøste meg med at det blir andre blomster å kose seg med mens eg ventar.....

torsdag 22. januar 2009

Purrefrøa som fekk meg ut på galeien igjen

Skulle jo berre bestille meg litt purrefrø eg da - for det såg så fristande ut å prøve når MariannS hadde fått så fine purrer.... Primafrø har heldigvis billege frø, men det vart nok litt meir enn purrefrø:

Linaria maroccana 'Fairy Bouquet Mix'
Galega officinalis 'Alba'
Penstemon digitalis 'Husker red'
Bellis perennis 'Pomponette mix'
Lathyrus odoratus 'Juanita'
Tropaeolum minus 'Peach Melba'
Tropaeolum minus 'Salmon baby'
Helianthus annuus 'Bismarckianus', Høj solsikke
Cuphea lanceolata 'Purple attraction'
Hyssopus officinalis, Isop
Coriandrum sativum, Koriander
Grønkål (Palmekål) 'Nero di Toscana'
Kepaløg 'Stuttgarter riesen'
Porre 'Blaugrüner Winter'

Ellers har eg fått spirer i potta med gamle chilifrø, har lagt piri piri-frø i bløyt, og har sådd Oleander (nerium) i dag.

PS: spirene med Impatiens lever faktisk enda, og spirene i Lobeliapottene ser også ut til å vekse og trivast. Eg held pusten.....

onsdag 21. januar 2009

Cherie er eit surrehue....

Eg har fått ein award som eg ikkje har nevnt i bloggen min: RandiF ga meg den. Tusen takk, Randi!! (Som sagt: eigaren av denne bloggen er dessverre eit surrehue). Fordi det nå er så mange som har fått denne prisen, lar eg den gå vidare "i ånden" til alle bloggarar som kikkar innom her hos meg. De har fortent den alle saman.

“Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold! Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres”.

I dag tok eg med meg surrehuet mitt til den nye fastlegen min, og ba om hjelp. Fastlegen, som er ny for meg, var ei "blottande ung" dame med stavangerdialekt, som viste med mimikk og kroppsspråk at ho nok ikkje har tenkt å ha den rolla så skrekkeleg mykje lenger. Bra ein ikkje er avhengig av å gå til legen ofte, eller er avhengig av oppfølging frå nokon som faktisk føler eit ansvar for korleis det går med deg. Det eksisterer ei oppfatning av at fastlegen bør føle eit visst ansvar og ha omsorg for oss.... Det er nok ikkje ofte det er slik, er mi erfaring. I jobben min ser eg sjelden legar, faste eller andre som orkar/vil/greier å henge på mentalt i høve til behandling, vurdering og generell oppfølging. Trur nok det handlar mest om tid og kapasitet. Eg veit sjølv at det går ei grense for kor mange ein kan "romme", eller ha med seg i tankane. Blir det for fullt, dett nokon ut. Sånn er det.

Nå skriv eg meg vekk her, dette vart mykje filosofering om ingen ting. Eg er egentleg frisk, men slit med mangel på energi, og nå i det siste vondt i huet og nakken, samt øresus... Det eg ba om i dag, og fekk, var ei tilvising til fysioterapeut med utdanning innanfor psykomotorisk behandling. Så spørs det når eg kan få time der da, ho sa det var fullt til over sommarferien....

Så ser det ut til at "Så-møtet" vi har planlagt i hagelaget i februar ikkje kan haldast i det lokalet vi hadde tenkt. I morra må eg på jakt etter egna lokale som ikkje er for dyrt... Vi har eit styremedlem ved navn Harald, også kjent som Hajal, som skal snakke litt om såing av stauder, så det blir eit interessant møte... Ei av dei andre medlemmene skal ta for seg såing av sommarblomster, og vi skal ta kopi av sommarblomsttabellen frå Hagegal og dele ut hadde vi tenkt. Håper den ikkje er beskytta av ein eller annan opphavsrett...

Da er det sikkert på tide å seie god natt.

tirsdag 20. januar 2009

Innlegg i det blå....

Har ingen ting å skrive om egentlig, anna enn at eg har gløymt å skrive tidlegare at eg også har sådd


  • Verbena bonariensis (Kjempeverbena)

  • Thalictrum rochebrunianum og

  • Rhodochiton atrosanguineum (Blodbeger)

Verbena- og Thalictrumpottene sette eg i kjølesapet (i kjelleren...) etter to dagar på badegolvet. Blodbeger står fortsatt på badegolvet. Tenkte at det var større sjanse for god spiring om dei fekk seg ein liten vinter først. Veit ikkje om eg har rett. Tek dei fram om eit par tre veker.

Ellers har eg berre lyst til å sjå på bilder frå hagen min og drøyme om våren...