søndag 12. juli 2009

Nydeleg, mildt sommarregn - endeleg kom det!

Nå blomstrar liljene. Denne vesle, sjarmerande saken står så feilplassert som det går an, men den er kjempesøt med fregnene sine. I år må det da vel bli ein mulighet til å få flytta den etter blomstringa er over.

Nå blomstrar også dette bedet, sjølv om bildet er frå i fjor. Dei er enda frodigare i år, og i knallfargar så det forslår. Resten av dette digre bedet i full sol består av diverse malurt, gul tagetes (Tenuifolia og "Favourite Red") lysegul Gåseblom, marikåpe, ildraude heuchera-blomster samt cephalaria gigantea, og diverse lilla i form av prydsvinerot, graslauk, salvie og revebjeller (ville). Eg LIKAR desse fargane, og har bestemt meg for at bedet skal få vere slik, med små justeringar.
Her er bedet i år, teke for nokre dagar sidan. (forstår ikkje kvifor dette bildet ikkje er klikkbart slik som dei andre..??)

Ellers har eg hatt eit par maratondagar ute, med planting, bæring, luking, klipping og eg veit ikkje kva. Eg har brukt seks sekkar med jord, men kan nesten ikkje greie å gjenkalle kva dei har blitt brukt til. Jo, sjølvsagt: det går litt jord i to murarbaljer. Eg har endeleg fått bestemt meg for kva eg skulle gjere med tomatplantene mine.... Dei har stått på planterommet til nå, lange og ulenkelege. Eg er dårleg på oppbinding og slikt... I dag fekk dei kome ut, to vart "slakta", dei var så tuslete og med så skjøre greiner at dei knakk for eit godt ord. Dei som overlevde ("Subarctic plenty" for det meste), havna i to murarbaljer, med leca i botnen, og med egenhendig drilla hol litt opp på sidene. Over desse står eit "stativ" av aluminiumsbeina på eit utebord som vinden tok i fjor. Eg har knytt fast to bambuskjeppar der bordplata var, og så har eg festa tomatgreinene på desse. Over heile stasen har eg lagt fiberduk, godt festa.... Går dette bra så er det eit under. Eg er elendig på tomatdyrking!


Etter at eg hadde planta ut dei ller, aller siste småplantene kom faktisk regnet! Det var så herleg med skikkeleg nedbør omsider, det er så tørt her at jorda er som oske.. Da vart eg spart for litt vatning, noko som var kjærkomment til de grader. RESTEN av sommaren skal eg berre kose meg, trur eg.


søndag 5. juli 2009

Iris ensata - endeleg

Iris ensata "Gracieuse" i knupp over. Veldig flott med det spiralmønsteret!Her er den fullt utsprungne blomsten. Vakker! Det er Gracieuse, ingen tvil nå. To knuppar har åpna seg og tre til er på gang. Eg skal ha meg fleire japanske iris!
Ellers må eg berre ta med bilde av eucalyptusen min. Såg nemleg eit program med Monty Don på NRK i dag, og han var i Australia og New Zealand. Han beundra nokre flotte, kvitstamma eucalyptustre, og eg kom på at eg falt fullstendig for eucalyptustrea i Kew Gardens. Men eg har eit par sjølv, dei har faktisk overlevd ute i vinter. Nå har eg planta det eine i potte, for eg såg kor stort treet til hagevennina mi hadde blitt. Ho overvintra nemleg sitt i potte inne i vinter, og vi fekk dei samtidig. Prøver garasjen tenker eg. Blir uansett litt lunare enn ute, og dei overlever jo der...
Ein veldig fin og spesiell Delphinium med nesten svarte knuppar (navn...?), fått av Marosa for to år sidan. Den har eg bestemt at skal bytte plass med den kjempestore kvite ved plattingen, høver betre med denne halvhøge ved sitteplassen, og så får vi beundre den oftare. Sjå, den er kvit inni.... !


NÅ blomstrar denne giganten for første gong! Sådd sjølv, av frø frå RandiF, ei spire - nå ein gigant. Nesten like høg som meg i år, noko mindre i fjor men med tydeleg potensiale alt da.... Eg likar sånne gigantar. Imponerande vekstkraft, og gir ein frodig, jungelaktig effekt.
Ellers har eg plukka hylleblomster og sett saft. Står i kjelleren i 10-litersgryta mi. Nå må eg for all del ikkje gløyme den....

torsdag 2. juli 2009

Iris ensata - spenninga stig......!!!

I dag tidleg såg eg såvidt i noko blått og kvitt ytterst på den eine knuppen av Iris ensata, ser faktisk ut som om det ER "Gracieuse" eg har fått. Den blir også kalt japansk iris. Den likar sur, fuktig jord, og står midt i surjordsbedet mitt. Eg fekk den gjennom Eurobulb-importen i 07, og den skal nå blomstre for første gong. Bilde og rapport følger!

tirsdag 30. juni 2009

Bilder frå junihagen

Dette er blomster i hagen akkurat nå. Her er Linaria purpurea, frøplanter fått på ei hagevandring i ein fantastisk flott og kreativ hage i Utvik i fjor sommar. Plantene der kom visst frå frø frå ein hage i England. Den sår seg visst veldig iherdig, og så sløv som eg er til å ta vekk frøstandar har eg den vel snart over alt....
Her er første blomsten på Lychnis chalcedonica, kvit, fått som bytte-prikleplanter av Berit i fjor. Nå er det ein flott skog av dei, enda eg har gitt vekk maaange! Herlege planter, veks ute på kanten av eit bed som snur ut mot ein skrent, magert og solsteikt. Det likar dei, og det synest eg eg bra! I same bedet har eg også Lychnis coronaria, kvit den også, men den stod så langt inn i bedet at eg ikkje fekk til å ta bilde. Den har også akkurat starta blomstringa.

I same bedet veks Geranium himalayense. Dei sådde eg i fjor, men stussar over at mine ser mykje bleikare ut i fargen enn dei på bildet. Eg klagar ikkje, for den er litt anleis enn andre Geranium, som har ein tendens til å vere litt like. Dessutan høver den godt i akkurat dette bedet. Geranium "Magnar" veks også i dette bedet, noko mørkare i fargen, men den har blomstra av nå. Det kom opp ei einaste frøplante frå frøa frå akoen i fjor, men det var nok for meg;-) (eg er absolutt ingen mestersåar). Tilfeldigvis har dette bedet fått aldeles nydelege fargar: i framkant store, robuste Plantago major "Rubra", som jo er ganske mørk raude. Så kjem det grå i form av malurt og lammeøre. Blomsterfargane går (for det meste) i lys lys pastell: Linariaen i lys rosa, ei lysegul akeleie som fortsatt blomstrar, lys bleiklilla Timian og lys bleiklilla Geranium, kvit/sølvfarga Lychnis chalcedonica og kvit Lychnis coronaria. Det er rett og slett pent, og for ein gongs skuld nokolunde harmonisk i fargane. Var stort sett flaks, men likevel da.... Eg er fornøgd:-D

Her er eit utsnitt av dette tørre solbedet, med "Bestarosa" i bakgrunnen. Den er eit rotskudd av buskrose frå hagen til farmora mi i Stryn, og er veldig vanleg i gamle hagar her. Den likar seg også godt i denne solfylte sørveggen, rett ved ein mur. Ellers ser de lammeøre Stachys byzantina og Linaria, Hosta og kvit haustfloks som ikkje blomstrar enda.

På den aller tørraste og magraste plassen på tomta veks desse nellikane (Dianthus deltoides) frå Hajal. Har to slag til, men hugsar ikkje navna i farten. Dette er den finaste synest eg, den har litt mørke stilkar og blad, og ein herleg, intens rosafarge.

Dette er min sjølvsådde timian frå i fjor. Den er fantastisk blomsterrik, og så fin! Bier og humler surrar rundt den heile tida, og sjå kor fin den er ved sida av Artemisia stelleriana (Sandmalurt). Det er forresten ein malurt etter min smak, rimeleg kompakt vekst, og stive stilkar, samt ein vanvittig fin sølvfage på blada!

Stachys grandiflora, prydsvinerot, er fin akkurat nå. Egentleg ei plante eg vil ha meir av rundt omkring, den er villig, blomsterrik, og den blomstrar på ei tid litt etter enkelte ting, og før andre ting, om de forstår....

Nattlys (Oenothera) er fint! Veit ikkje meir om navnet, har fått den av nokon. Den likar også sol og tørr jord, det er fint. Sjå på dei raude, spisse knuppane! Skal dele og formeire opp denne når eg får den hersens stien i boks.

Lenger bort i bedet, ved sitteplassen, blomstrar nå den kvite, høge Ridderspora.

Enda lenger bort kom desse nydelege nellikane igjen i år, dei var kjøpt i fjor. Eg synest dei er fine!

søndag 28. juni 2009

Heroisk innsats i 28 varmegrader

OK. Da startar vi med Cephalariaen. I år er dei enorme, vil tru ein middels basketballspelar ville kjent seg litt liten ved sida av.... Dei er så fantastisk flotte! Høgt over alle dei andre blomstene svever desse små solene.... Åh - yndlingsblomsten min akkurat nå.

Så kjem bøttene med - eh, mandelpoteter?? Nei da. Slett ikkje. Dette er faktisk mine nesten 20 liter med påskeliljelauk, greve opp i går og i dag. Ja, litt snøklokker og nokre få krokus også, men hovudsakleg påskeliljer av alle slag og fargar. (Nokon som vil ha....?) Årsaken til at dei er greve opp, ser du på bilda under.



Dette området vart først laga fordi eg har ein mann som er rå med motorisert hageutstyr. Han slår, kuttar og ryddar som ein tornado berre han får bruke noko som durar. Ergo fekk jo aldri dei stakars påskeliljene mine tid til å samle næring i lauken sin før han var ute med ljåen om våren....
Dermed kom ideen å gjerde dei inne, med eit lite fletta gjerde av hasselgreiner teke i hagen her. Ideen fekk eg vel i eit eller anna hageblad, tenker eg. Dette har fungert fint, men etter blomstringa har det blitt meir og meir syregras og skvallerkål som har boltra seg innanfor "murane". Nå som vi skal til å male huset, har det kome fram eit rimeleg stort behov for meir bedplass, jamfør krisesituasjonen i austveggen omtalt i eit tidlegare blogginlegg. Dermed gauv den hagegale laus. Eg har spadd, rista rottufser reine for jord og plukka blomsterlauk til eg var besvimelsen nær i dei om lag 30 varme gradene vi har hatt. Men SJÅ NÅ!

Eg er veldig fornøgd med meg sjølv, håper følelsen sit i lenge.... Har til og med laga ein liten sti tvers over, med duk under, og flate steinar som "heller". Eg fann til og med ei STOR rund, flat helle medan eg grov, som eg har plassert på midten. Eg har også lagt tjukke lag med våte aviser rundt det vesle plommetreet ("Herman"), og så kompost oppå der igjen, samt ein liten steinkant rundt for å halde ting på plass.
Ellers er det mykje som blomstrar nå, og eg fekk teke ein fotorunde i kveld, men dei bilda legg eg nok ut i morra. Eg ventar stadig på Iris ensata, er så spent! Da blir det garantert bilder, det lovar eg. Ha ei god natt alle saman

fredag 26. juni 2009

"Langt fremskreden latskap"

I dag har det vore varmt her. Nærare 30 grader i skyggen, og det er overveldande for ein hutrande nordmann som har levd med 8-12 grader og regn i lengre tid. Eg blir utslått, kort og godt. Eg er nok ein genetisk sett fullt ut nordisk type, som er skapt for andre slags temperaturar enn dette. Likevel kreka eg meg ut i eit ugrasområde i dag tidleg, utrusta med spade og diverse bøtter. Saken er den at vi maler hus om dagen, og nå kryp malinga seg nærare og nærare austveggen "min" der amatør-gartneriet mitt held hus.... Det handlar om den tidlegare omskrevne "plantetrappa" mi, som er som Sareptas krukke: det minkar ALDRI på plantane same kor mykje eg plantar....

Heile austveggen på huset er katastrofeområde: dette er den mest vekkgøymda delen av tomta heldigvis, og her har eg alt det utstyret som høyrer med til aktiv haging: 10.000 tomme potter i absolutt ALLE storleikar, jordsekkar, spader, greip, kantklippar, potter med planter til herding, tomme potter som ventar på sommarblomster, aluminiumsbrett til å sette småpotter på når dei må vatnast frå botnen, saks, plantestøtter, hyssing, vasskanner, murarbøtter - ja du forstår sikkert teikninga! (manglar uthus!!). Oppi dette kaoset skal malaren (attpå til naboen) finne plassar å sette opp stigen! Dette er som de forstår grunnen til at ein i 30 grader må til å spa opp eit område som kan brukast til utplanting av diverse.

Området det er snakk om er inngjerda av ein bitteliten flettekant av kvistar/hasselgreiner, og oppi der har eg planta masse påskeliljer og snøklokker. Det er eit flott syn så lenge det blomstrar der borte, men når sesongen er over er det skvallerkålen som tek over. Skrekk og gru... Nå fekk eg snøya det rett før frøa var eit faktum, men var berre blomster enda heldigvis. Så måtte eg til å spa, og plukke laukar og legge i bøtte. Laukane skal nedi att til hausten. Eg tenker at dette kan bli eit fint område for venteplantar, sommarblomster til overs og snittblomster som det egentleg ikkje er plass til i kjøkkenhagen lenger. Eg har veldig lyst til å lage ein liten mur i bakkant, og kanskje ein gangsti på midten - har mykje halvstor stein eg kan bruke. Den treng kanskje litt sement innimellom, er ikkje heilt stor nok til tørrmur. Litt lenger opp i bakken har eg lyst til å mure låge murar og fylle med grus/jord, det skal bli krydderurt-bed.

Jo da. Planar har eg nok av. Nå får eg berre glede meg over at eg kom nesten halvvegs i spainga mi, og tanken på at prosjektet i alle fall er påbegynt. Mål nummer ein er uansett å få ein plass å gjere av alt som står i plantetrappa.....

mandag 22. juni 2009

Alliumbilde og iris med pene striper

Den mystiske Alliumen i heilfigur. Ikkje noko fint bilde, vart teke i full fart. Den er atskilleg høgare enn 10 cm., kanskje 20-25?
Navnet mitt er Allium cyathophorum var. farreri

Her er bilde av den variegerte irisen Iris pseudacorus "Variegata", med blomst. Den er da fin? Eg synest den er enda meir variegert i år enn i fjor?, og har auka bra i omfang der den står i ventebedet.... Eg må ta meg saman og prøve å få planta ut litt meir. Såg at RandiF hadde sin ved ein mørkblada sak, det var veldig pent. Muleg den skal få vekse ved Sambucus nigra "Black Beauty". Der hadde den verkeleg lyst opp. Nå har eg kutta ned naboen (Kerria japonica) som var så stygg, rota skal eg spa opp ein dag eg er i humør til litt fysisk slit.... Da blir det fint plass til ein variegert Iris på utkikk etter ein permanent heim!
PS: Snuffeldyret fann meir info: HER.
Ser ut til at det har sneke seg inn ein n for mykje. Magnar Aspaker skriv f.eks. cyathophorum ser eg. Rettskriving er faktisk viktig, det....