Iris sibirica "Jewelled Crown" er i blomst nå, berre synd at Iris står så kort tid. Må nytast fullt ut.
Her er hippen "Lemon Lime", i alle fall var den døypt det i katalogen til Zimtrade. Den kom med ein overrraskande blomsterknupp i kjellervinduet, lenge etter at dei andre var ferdige for sesongen. Veldig koseleg, eg hadde savna den, men mista litt oversikten etter massakren her i vinter da eg kasta på dør fleire eg mistenkte for å ha midd. Fint at denne overlevde, den er litt annleis enn dei flete hippar, med sin grønnfarge med nokre raude striper i.
Ellers er formen laber for tida her i garden. Trur eg har noko slags bihulebetennelse på gang, utan at eg er sikker for det har eg berre hatt ein gong tidlegare. Har ein ekkel bomullsaktig følelse i hue, og er slapp som berre det. Nå er det godt at det roar seg på jobb snart. Når skuleferien byrjar er den vanlegvis fredelege dagar, da ein får tid til å puste og tenke, og til og med drikke kaffe og prate litt. I dag sat eg der berre på trass, men hadde ein avtale eg syntes eg måtte stille på. Var ein ting eg orka å drive med, og det var sletting og rydding i innboksen. Du verden så mykje gamalt som kunne slettast! Fann også igjen nokre sånne humoristiske som eg har fått tidlegare, eg lo så eg grein av ein med nokre kattar som hørte på musikk, og ulike pusar som digga ulike slags typar musikk alt etter kor lenge dei hadde vore i jobben.... Etter to år var det techno, og lite normalitet igjen..... Ja, ja. Nå ER det sommar, sjølv om fleecegenseren er i flittig bruk. Ha ein fiiiiin sommarkveld!
5 kommentarer:
Har du vondt akkurat over øynene når du bøyer deg, er det typisk for bihuler. Jeg var et bihulebarn; de fleste var ørebetennelsebarn. Bruk både en Ibux og en Paracet, da tar du smerten og viss betennelsedempende effekt med Ibuxen. Drikk mye (da mener jeg mye), kaldt vann er best, vær flink å snyte deg (viktig;D) - også nok søvn.
Det er ikke så varmt her i Østfold heøller, men sommeren skal visstnok komme snart.
Kjekt å se en Hippe så sent i sesongen. HAdde mange råtne i vinter. Likedan med Dahliknollene. Samme overvintring som i fjor, men intet liv. Jaja, det er nye å få kjøpt.
God bedring!
Primulaen din er ein japonica 'Margenta' og eg trur faktisk den kjem utta Davikja.... ;)
Håpar formen snart er på plass igjen, det er travelt å gå å plagast med helsa.Sjølv har eg ikkje bedreve haging på mange dagar bortsett frå masse prikling på laurdag formeldest formen laber og jobben travel, men eg fekk med meg hagevandringa til Straumshamn på torsdag - den var verdt turen !!
Uff, bihuletrøbbel er vondt og utmattende. Jeg har ei eske rhinexintabletter på lur dersom jeg ikke klarer holde kanalene åpne på andre måter. Kanskje ikke så sunt, men heller det enn full betennelse og antibiotikakur.
Hyggelig å se en hippeblomst igjen, det er nok en måned sia min siste var ferdig. Noen av mine skranter etter blomstring, jeg hiver med hard hand de som ser for sjuke ut. Exit Blushing Bride her om dagen, mistenker midden du var plaga med. Krysser fingre for at det ikke blir flere!
Ja vel, så det er ein Davikjar eg har i bedet! Ikkje nokon overraskelse det, Harald....?;-) Den kom så fint i blomst akkurat da dei fine, gulorange var ferdige. Davikjarar det og.
Berit: eg har hørt at den midden er veldig vanleg på importlaukar, så sjansen for å få den i hus er nok stor sjølv om dei profesjonelle nok har metoder for å bekjempe den. Dei satsar vel på at hippelaukar berre er bruk-og-kast for dei fleste.
Takk for gode råd, Solfrid. Eg føler at bihulesymptoma er i ferd med å sleppe taket, men er også småkvalm og slapp.
Sørgeleg med råtne laukar og knollar. Alle mine Dahliaer var råtne, men det var eg innstilt på. Stod for kaldt. Det rare var at begoniaknollane var like fine. Da tåler dei vel litt meir. Kunne gjerne vore omvendt, men men...
Legg inn en kommentar